Nyheter

Byane ligg på utmeldingstoppen

Byane toppar utmeldingsstatistikken frå Den norske kyrkja i 2014. Mari Siljebraaten (25) var ein av dei som fekk nok.

Se interaktivt kart lenger ned i saken (eller ved å klikke her)!

– Det var mykje fordi dei sa nei til å vigsle homofile i kyrkja. Men det var ikkje berre derfor, fortel Siljebraaten.

Ho er éin av 343 personar som melde seg ut av kyrkja i Troms i fjor. Året før – i 2013 – var det i alt berre 128 personar i fylket som gjorde det same.

Siljebraaten meiner kyrkja ofte viser låg toleranse for det som elles er akseptert i samfunnet.

– Kva andre saker enn homofilidebatten tenkjer du på?

– Abort, til dømes. Reservasjonsrettdebatten var jo ei stor sak i fjor. Det er også ein vanskeleg debatt for kyrkja å ta, meiner 25-åringen, som no studerer master i statsvitskap ved Universitetet i Tromsø.

LES OGSÅ: Opplevde utmeldingsrush i 2014

Flest i Oslo

I 2014 melde 10.951 personar seg ut av Den norske kyrkja, fleire enn i 2012 og 2013 til saman. Det viser førebelse tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Flest utmeldingar var det i Oslo, der 1.947 personar valde å skilje lag med kyrkja. Kvart år er det Oslo som merkar seg ut med flest utmelde.

Ole Inge Bekkelund, avdelingsdirektør for kyrkjeordning i Kyrkjerådet, synest det er vanskeleg å svare på kvifor.

– Det er vel eit storbyfenomen. Somme tal er lågare i Oslo enn elles i landet, både dåpstal, enkelte kyrkjelege handlingar og medlemstal, fortel han.

Også andre fylker med store byar, som Hordaland og Rogaland, hadde over tusen utmelde i 2014.

LES OGSÅ: Ba om vervepremie for utmeldte kirkemedlemmer

Homofil vigsel

Bekkelund trur at den typiske utmeldaren frå kyrkja er ein person som er ueinig i kyrkjas homofilisyn. I april i fjor forkasta Kyrkjemøtet forslaget om at likekjønna par som giftar seg borgarleg kunne få ei forbøn i kyrkja etterpå.

– Det var mykje interesse rundt dette. Etter Kyrkjemøtet kom det 2-3.000 utmeldinga veldig fort, og det er mykje høgare enn normalt, seier Bekkelund.

Siljebraaten trur også at homofilisaka var «dråpen» for mange fleire enn henne. Men ho trur det også er slik at mange ikkje føler tilknyting til trussamfunn lenger.

– Veldig mange blir døypt inn i kyrkja av foreldra, og kjem kanskje seinare fram til at dei ikkje ynskjer å bli der.

25-åringen har vener som er medlemmar i kyrkja utan å vere kristne, fordi tradisjonar som dåp og bryllaup betyr mykje for dei.

– Men eg synest ikkje at eg må vere medlem av kyrkja for å leve ut kristne verdiar og tradisjonar, seier ho.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Hjelp etter Utøya

Siljebraaten har sjølv vakse opp i ein kristen familie, og ho er døypt og konfirmert i kyrkja. Sommaren 2011 merka ho spesielt godt at kyrkja var viktig for henne.

– Eg var på Utøya. Då eg kom heim, hadde kyrkja ein god og viktig funksjon for oss når det gjaldt gravferder, men også som samtalepartnar. Eg veit mange har funne ro og forståing i kyrkja, for ein kan snakke og sørgje der, seier Siljebraaten, som tidlegare var leiar for AUF i Troms.

Men 25-åringen ser på dette som noko heilt anna enn dei debattane som har gått internt om kva kyrkja skal stå for.

– På kva måte?

– Det er vanskeleg at ein tenkjer at dei med anna legning ikkje skal få lov til å gifte seg. Eg synest det er trist, seier ho.

Mistar dei unge

Sjølv om homofilisaka var «dråpen» også for Siljebraaten, var utmelding frå kyrkja noko ho hadde tenkt lenge på.

– Det er fordi eg føler at kyrkja ikkje nødvendigvis representerer meg. Den kan vere moralistisk og bakstreversk når det kjem til tradisjon og levemåte og kva som er rett og gale, meiner ho.

Siljebraaten trur kyrkja må snu i homofilidebatten, før eller seinare.

– Den greier ikkje tilpasse seg raskt nok, og det er ein bakdel for kyrkja. Kyrkja mistar engasjerte og bevisste, unge menneske, som den treng.

LES OGSÅ: Gelius-bråket: Tusenvis truer med utmelding

Artikkelen fortsetter under kartet.

Kristen utan kyrkja

Etter utmeldingsrushet i april i fjor var det fleire som argumenterte for at det verkar mot si hensikt å melde seg ut av kyrkja når ein er ueinig. Om ein held fram som medlem, kan ein påverke kyrkja gjennom å stemme ved kyrkjeval.

– Kva tenkjer du om det, Siljebraaten?

– Det er vener som har sagt det til meg, og eg ser den sida av saka. Det er jo ikkje slik at vi melder oss ut av Noreg når vi er ueinige med dei som styrer, seier ho.

– Men det finst ikkje rom for mine verdiar i kyrkja. Eg trur ikkje eg må vere medlem i kyrkja for å vere ein god kristen.

– Har du sjølv stemt ved kyrkjevala?

– Nei. Eg har hatt mulegheit til det, men eg har ikkje stemt, seier Siljebraaten, som legg til at det ikkje er noko mål for henne å påverke kyrkja utanfrå heller.

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter