Nyheter

‪Brukar 600.000 kroner på show om synd og frelse‬

Ungdomsfestivalen UL sparar ikkje på teknikken.

ÅLGÅRD: Forrige torsdag på festivalen Ung landsmøte (UL): ‪Den store salen i Kongeparken Amfi på Ålgård ligg i mørket, men frå scena skin studiolyset for dei godt over 1.800 ungdommane i salen. Ein enorm storskjerm gir sjølv dei som sit lengst bak i salen kjensla av å vere tett på scena og ei støyfri høgtalarstemma leverer ungdommane den kristne bodskapen.‬

‪- Kvifor snakkar vi kristne så mykje om synd? spør kveldens talar og svarar sjølv:‬

‪- Vi må seie det Gud seier og les vi i Bibelen så finn vi mange tøffe diagnosar på oss menneske.

‪Barbert. 2 millionar kroner er prislappen på den pakken med lyd, lys og storskjermbilde som UL deltakarane får, og gir eit proft uttrykk som dei fleste andre kristenfestivalar i landet kan sjå langt etter. Vårt Land får ikkje løyve frå festivalleiinga til å sjå budsjettet, men festivalleiaren seier at mange frivillige og leverandørar som gir kristenrabatt gjer at den faktiske prisen for UL er barbert til litt over 600.000 kroner.

‪- Vi er ekstremt opptekne av bodskapen vi skal formidle. Det gode tekniske utstyret vi har skal vere med å bera fram bodskapen, seier festivalleiar Gjermund Nordhus.‬

‪Fleire års målretta jobbing på området har gjort UL til ein leiande teknisk festival. Og pakka ser ut til å slå an mellom dei unge. I år ser festivalen ut til å bli aller størst mellom dei kristne festivalane i landet med 5.500 besøkande.

‪Kristenrabatt. - Du kan trygt seie at UL får denne tekniske pakken til superpris, seier Roar Lindefjeld.‬

‪Han har hovudansvaret for lyd, lys og bilde på festivalen. Hans eige selskap er også engasjert i arbeidet og dei ser på innsatsen som eit slags hjelpearbeid.

‪- Vi gjer dette sidan vi synes arrangementet er fantastisk bra, seier Lindefjeld.‬

Festivalleiar Nordhus vedgår at UL likevel kunne brukt mindre pengar for å la meir gå til misjon.‬

‪- Det hadde ikkje vore umogleg å bruke 100.000 kroner mindre. Men det vi får no er ein proff pakke, og vi får vanvittig store rabattar og folk med masse erfaring og rutine.

‪Han meiner det er ein samanheng mellom det proffe uttrykket som UL har utarbeidd og at kristenfestivalen er så godt besøkt. ‬

‪- Folk går mann av huse for å kome hit og det har ein samanheng med kva dei får her, seier Nordhus.‬

Prioriteringar. ‪Men ikkje alle i leiinga er like skråsikker på om pengeprioriteringa er rett.‬

‪- Eg hadde blitt glad dersom vi fekk desse 100.000 kronene til misjonsprosjekta våre, seier Daniel Rydland Bjåen som leiar rekrutteringa med å få deltakarar til å gi ein fast sum pengar i månaden til misjonsprosjekt i Indonesia og Nord-Afrika.‬

‪Samstundes legg han vekt på at deltakarane set pris på det profesjonelle opplegget.

‪- På møta blir det spelt på det visuelle i kombinasjon med fellessongen blant anna. For dei unge er uttrykket med på å gi bodskapen eit stort puff, seier han.‬

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter