Biskop: Ja, eg støttar venstresida
I England skaper erkebiskopar debatt med ei ny bok.
Jon Sentamu, erkebiskopen i York, England, applauderer etter at den første kvinnelege biskopen i den engelske kirke, Libby Lane, blei vigsla 26. januar i år.
POOL
Den 20. januar i år ga to britiske erkebiskopar – Justin Welby (Canterbury), som også er øvste leiaren i den anglikanske kyrkja, og John Sentamu (York) – ut ei bok med namnet On Rock or Sand? Firm foundations for Britains future. Boka tek opp tema som minsteløn, finanskrisa, solidaritet og velferdsstaten (sjå utdrag i faktaboks).
Den er eit bitande angrep på det britiske samfunnet, som erkebiskopane meiner har vore dominert av utbreidd forbruk og individualisme heilt sidan «jernkvinna» Margaret Thatcher styrte landet.
– Nokre lesarar vil nok spørje seg: Kvifor skal kyrkja blande seg i politikken? Men boka handlar ikkje om at kyrkja skal blande seg inn i partipolitikk. Politikk, slik eg forstår det, handlar om korleis folk tenker at samfunnet skal bli styrt, seier erkebiskopen av York, John Sentamu, i ein YouTube-video.
Bestill abonnement her
KJØP