Nyheter

Bibelgeneral: Jesus-ord på dopapir viser at vi har eit fritt samfunn

Men han overlet til andre å tørke seg bak med bibelvers.

Lambi sel dopapir med vers frå Bibelen i Norge, Sverige og Danmark. Firmaet arrangerte ein Facebook-kampanje der folk vart oppmoda til å sende inn fine sitat om kjærleik.

Lambi var ikkje klar over at sitata «Der din skat er, der vil dit hjerte også være» og «Kærligheden tror alt, håber alt, utholder alt» er henta frå Bibelen.

– Hæ? Dette er dårleg smak og manglande respekt. Bibelvers har ingen ting på ein dorull å gjere, seier Laila Riksaasen Dahl, biskop i Tunsberg.

LES MEIR: No kan du tørke deg bak med bibelvers

Takhøgde. Generalsekretær i Bibelselskabet i Danmark, Morten Thomsen Højsgaard, meiner dorullen ikkje er eit utslag av sekularisering.

– Hadde det vore anti-sitat om Gud, kunne du kalla det sekularisering. Men dette er ein ny, individualistisk måte å bruke trua på. Gudstrua blir smurt tynt ut over dagleglivet i ei form som er lett og flyktig. Her er eit kort bibelsitat der alt det teologiske vanskelege er skrella vekk, som kan hjelper deg i livet, men som også fort blir gløymt i neste augeblikk.

– Kva seier det om Skandinavia når ei heilag skrift hamnar på dopapiret?

– Det viser at samfunnet her er fritt, har stor takhøgd og at vi ikkje treng å frykte kvarandre. Kristendommen har sjølv påverka til dette samfunnet.

– Så kristendommen har seg sjølv å takke for at det er OK å bruke papir med bibelsitat til å tørke oss bak?

– Nei, så enkelt er det ikkje. Kristendommen er på å gi oss fridom og openheit i Skandinavia. Men alle må bruke fridommen under ansvar. Personleg ville eg aldri kopla heilage skrifter med toalettpapir.

DISKUTER: Det skal meir til enn nokre dorullar før me blir fornærma, sinte eller lar boikottviljen ta overhand, skriv Ann Kristin van Zijp Nilsen. Bli med i debatten!

– Tørkar seg uvitande. Redaktør i den svenske avisen Dagen, Daniel Grahn, trur ikkje svenskar på toalettbesøk vil kjenne igjen bibelsitata.

– Det vil berre vere truande som koplar desse versa til Bibelen.

– Svenskar vil ikkje nøle med å tørke seg bak med Jesu ord?

– Nei. Berre ein og annan som kjenner igjen versa vil bli provosert av dette.

– Illustrerer dette sekulariseringa i Sverige?

– Her har sekulariseringa gått langt. Folk har uhyrleg lite kunnskap om Bibelen, og difor vil veldig få bli opprørt over dette, seier Daniel Grahn.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter