Nyheter

Belgisk eks-biskop: Eg er ikkje pedofil

Roger Vangheluwe vedgår at han misbrukte endå ein gut.

Tidlegare belgisk biskop Roger Vangheluwe, som måtte gå av i unåde for eit år sidan etter at han vedgjekk overgrep mot ein gut, har no forklart seg på fjernsyn.

Roger Vangheluwe har vore utilgjengeleg sidan han måtte gå av. 74-åringen lever i løynd.

LES OGSÅ: Belgisk biskop tilstår overgrep, går av

Han vedgjekk i intervjuet at han har misbrukt to av sine nevøar, ikkje berre ein slik han tilstod før han i fjor gjekk av som biskop.

Men han seier samtidig at han ikkje ser på seg sjølv som pedofil, melder BBC.

Overgrepet er forelda og han kan difor ikkje stillast for retten, heiter det.

Intervjuet gjekk på VT4, ein flamsk-språkleg kanal. Den belgiske justisministeren Stefaan De Clercq seier at kyrkja må gjere noko for å stoppe «uansvarleg oppførsel av den tidlegare biskopen». Han meiner biakopen utsegner er eit slag i andletet på hans offer og andre offer.

LES OGSÅ: Vatikanet protesterer mot belgisk politiaksjon

Vatikanet skal komme med sin reaksjon mot eks-biskopen. Talsmann Federico Lombardi sa tidlegare denne veka at reaksjonen vil ta omsyn til ulike sider av saka - medrekna lidinga til offera og krava i det juridiske systemet.

– Sjølvsagt veit eg at det eg ikkje gjorde ikkje var bra. Eg har vedkjent mange gonger, sa Vangheluwe.

Han sa han hadde vurdert å ta livet sitt, men at han hadde funne ut at det ville vere feigt.

LES OGSÅ: Overgrepsoffer hardt ut mot paven

Han kalla det han hadde gjort over 13 år mot nevøen som var fem då det starta, som «litt intimitet».

Han sa at det starta med at nevøane sov saman med han då dei kom på gjesting.

– Det starta som ein leik. Det var aldri valdtekt.

– Eg har ikkje inntrykket i det heile at eg er pedofil. Det var berre eit lite forhold. Eg hadde inga kjensle av at nevøen min var mot dette. Tvert imot. Det var ikkje brutal sex.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter