Nyheter

Barneombodet får hard kritikk etter skulegudsteneste-utspel

Høgre, KrF og provoserte foreldre vil ikkje ha noko av Barneombudets motstand mot skulegudstenesta.

– Lindboe burde finne seg noko anna å gjere, seier Grete Jorun Rønning, som har eit barn i skulen.

Ho var ein av mange som ringte til Barneombodet for å protestere torsdag denne veka. På under to morgontimar hadde rundt ti personar teke kontakt, opplyser resepsjonen.

Barneombod Anne Lindboe tok i torsdagens Vårt Land blant anna til orde for at ordninga med skulegudsteneste bør opphevast, at bordbønn bør vere ulovleg på skulen og at elevar på religiøse privatskular skal kunne sleppe å høyre på andakter.

– Hårreisande at den som skal ivareta barnas interesser ikkje vil gi dei kunnskap til å vise respekt, seier stortingsrepresentant for Høgre, Svein Harberg.

– Lindboe hjelper ikkje borna med slike utspel. Ho skaper angst i skulen og hos foreldre mot alt som har med religion og kristendom å gjere, seier storringsrepresentant for Kristeleg Folkeparti, Hans Olav Syversen.

LES MEIR: Krev forkynning og kyrkjegang heilt ut av skulen

– Må vere nøytral. I eit høyringssvar til Stålsett-utvalet si utgreiing om framtidig trus- og livssynspolitikk, tek Barneombodet til ordet for ein livssynsnøytral skule.

– Eg meiner at skulen bør vere livssynsnøytral sidan det er mange familiar som ikkje har ei tru. Foreldra har full moglegheit til å ta med borna sine i kyrkja kvar helg og heile året. Det er ikkje nødvendig at det skjer på skulen, uttalte Lindboe i gårsdagens Vårt Land.

LES MEIR: Stryk pengestøtta til 351 religiøse forsamlingar

– Skapar mobbing. Det får mora Grete Jorun Rønning til å sjå raudt.

– Korleis trur Lindboe at ho hjelper born ved å seie nokon slikt? Å fjerne alt dette kan skape mobbing sidan elevane ikkje får kjennskap til kvarandre sin religion, seier Rønning.

Sjølv bur ho i Groruddalen i Oslo, der skulane er prega av multireligiøse elevflokkar. Rektoren på barneskulen der barnet hennar gjekk, fjerna julegudstenesta for nokre år sidan. Då sørgja Rønning og andre foreldre for at elevane gudstenesta var tilbake året etter.

– Elevar og foreldre er glade for at den er tilbake. Elevar som til dømes er muslimar sit berre og høyrer på gudstenesta, eller dei kan velje å ikkje delta. Det er ingen av borna som har problem med dette, hevdar ho.

LES MEIR: Biskopane krev meir plass til kyrkja

– Våpendragar. Barnet hennar har vore på besøk i ein moské med skuleklassen.

– Eg har aldri drøymt om å nekte barnet mitt dette. Utan slike besøk i skuleregi skapar vi grobotn for opptøyar i framtida, seier Rønning som dessutan meiner ombodet høyrer ut som Human-Etisk Forbund.

Det er KrF-politikar Syversen einig i.

– Ombodet oppfører seg som våpendragar for det livssynsnøytrale Norge slik som Human-Etisk Forbund er. Lindboe kan ikkje ha teke inn over seg at eit samla Storting slo fast at grunnlova i Norge byggjer på kristent verdigrunnlag. Ombodet verkar dessutan grunnleggjande skeptisk til religion.

– Kan det ikkje vere vanskeleg for ein muslimsk elev å vere på skulegudsteneste?

– Jo, men eleven har full rett til ikkje å delta. Mi erfaring er at dei fleste elevar deltek, og at ordninga fungerer godt.

LES MEIR: Lærarane vil fjerne skulegudstenesten

Svein Harberg (H) gir KrF støtte.

– Skulen burde heilt klart gi rom for gudstenesta til dømes før jul. Mitt inntrykk er at ordninga fungerer godt, og at dei ulike religiøse elevane blir teke omsyn til, seier han.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter