Nyheter

Ateistar 
krev del i 
kyrkjefond

Human-Etisk Forbund vil bruke ­kyrkjepengar til å byggje livssynsnøytrale seremonirom.

– Vi blir nok ikkje elska av kyrkja­ på grunn av dette utspelet, seier Tom Hedalen, som er styre­leiar i Human-Etisk Forbund.

Han meiner at staten bør konfiskere Opplysningsvesenets fond (OVF) som i dag rår over vel sju milliardar kroner i form av verdipapir og fast eigedom. Fondet er bygd opp av verdiar som staten tok frå Den katolske kyrkja ved reformasjonen på 1500-talet. Det er i dag tilknytt Den norske kyrkja og blir mellom anna nytta til drift og vedlikehald av landets prestebustadar.

Tilhøyrer alle

– Fondet blei bygd opp på eit tidspunkt då det ikkje var religionsfridom i Norge. Difor kan ein ikkje sjå på oppsamlinga av verdiane i fondet som legitime og frivillige bidrag til det som i dag er Den norske kyrkja, seier Hedalen.

Han hevdar difor at fondet ­tilhøyrer allmennheita og ikkje bør bli nytta til formål i Den norske kyrkja. Men i og med at fondet tilhøyrer alle, bør avkastninga også gå til bygging av livssynsnøytrale rom, meiner Hedalen.

LES OGSÅ: Nervøst om K i RLE-fag

Går mot Grunnlova

OVFs direktør Ole-Wilhelm Meyer har tidlegare uttalt til Vårt Land at fondet har meir enn nok med å få pengane til å strekke til vedlikehald av prestebustader og kulturminne, men Hedalen ser ikkje problemet.

– For å skaffe meir pengar kan fondet selje nokre av eigedommane, for det er langt ifrå alle som er kulturminne. Og at fondet eventuelt skal ha lite pengar, er ikkje noko argument for at andre ikkje skal få del i pengane, seier humanetikaren.

– Å bruke fondet til å byggje livssynsnøytrale seremonirom er langt frå intensjonen til fondet?

– Jo, men då fondet vart bygd opp var det ikkje religionsfridom. Difor er det ikkje legitimt at det tilhøyrer Den norske kyrkja i dag.

LES OGSÅ: Human-Etisk Forbund ber KrF trekke religionsfagforslag

– Urimeleg

Det er Kyrkjerådet sterkt ueinig i. Rådet ­representerer leiinga i Den norske kyrkja og direktør Jens-Petter Johnsen meiner det er umogleg at staten skal konfiskere fondet.

– Grunnlova slår fast i paragraf 116 at fondet skal bli nytta til kyrkjelege formål. Det blir urimeleg å bruke argument om religionsfridom på noko som er tungt forankra gjennom fleire hundre års forfatning, seier Johnsen.

Han viser til at både i politiske og kyrkjelege fora har gått inn for at OVF skal bli brukt på kyrkjelege formål:

• Kyrkjemøtet, som fungerer som Den norske kyrkja sitt storting, gjekk inn for dette i 2006.

• I Gjønnes-utvalet som i 2006 la fram for Stortinget korleis Den norske kyrkja kunne bli avvikla som statskyrkje, stemte 18 av 20 medlem for at eigarskapet i fondet skulle bli overført til Den norske kyrkja ved det endelege brotet med staten.

LES OGSÅ: Bryter reglene for skolegudstjenester

Etterlyser storsatsing

Hedalen er klar over at Grunnlova beskyttar OVF som kyrkjas arvegods.

– Det tek vi til opplysning, men vi meiner at det er feil. Vi ønskjer at det i ein revisjon av Grunn­lova skal bli teke inn at OVF er eit allment fond, seier styreleiaren.

– Er noko av målet med dette utspelet å få merksemd, både for deg som leiar og for Human-Etisk forbund, Hedalen?

– Nei. Dette vedtok landstyret for to år sidan. Då er det mi oppgåve som leiar å følgje det opp. Vi vil ha ei stor satsning for livssynsnøytrale seremonirom som både kristne, muslimar, ­humanetikarar og alle andre kan nytte. Difor må Den norske kyrkja tenke større enn at dei skal ha dette fondet eksklusivt.

Følg oss på Facebook og Twitter!

– Må evaluere først

Kyrkjedirektøren viser til at Kyrkje­møtet har støtta bygginga av nøytrale seremonirom. Men muslimar og kristne har ikkje behov for å nytte desse, legg han til.

– Både kristne og muslimar har eigne lokalar. No er det dessutan ei forsøksordning frå staten med å byggje nøytrale seremonirom i fem nye kommunar. Bruken av dei nybygde romma og om det er behov for fleire bør bli evaluert. Ei storstilt utbygging bør vente til ein ser at behovet er der, seier Johnsen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter