Nyheter

Artist-par vert heidra av biskopen

Karoline Krüger og Sigvart Dagsland mottek Johan Nordahl Brun-prisen i Korskirken i Bergen søndag.

Juryleiar og Bjørgvin-biskop Halvor Nordhaug fortel at det er heilskapen i dei to artistanes produksjonen som ligg til grunn for prisen. Han nemner særskilt at Dagsland har fleire plateinnspelingar som på framifrå vis nytolkar den kristne song- og salmetradisjonen og at Krüger med sin musikk til Jakobsmessa har gitt eit nyskapande bidrag til kyrkja sitt liturgiske liv.

Brubyggjarar

Biskopen dreg også fram at ekteparet i 2013 gav ut «ei vakker juleplate». Dessutan:

– Dei har begge gjeve mange bidrag til verksemda til Kirkelig Kulturverksted. Kirkelig Kulturverksted er ein av dei viktigaste brubyggjarane mellom kyrkje og samfunn her i landet, påpeikar Nordhaug.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Frå Bergen

Johan Nordahl Brun-prisen vert delt ut av Bjørgvins biskop til ein person, ein institusjon eller ei verksemd med band til Bergen eller Bjørgvin bispedømme, og som har markert seg i kyrkje-, kultur- og/eller samfunnsliv, på ein måte som vidarefører arven frå presten, biskopen og diktaren Johan Nordahl Brun (1745-1816).

I tillegg til biskopen sit Bergens ordførar og generalsekretæren i Kirkens Bymisjon i juryen. 20.000 kronar som inngår i prisen, skal gå til eit formål etter prisvinnaren sitt ønskje.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter