Nyheter

130 norske ungdommar på megasamling for katolikkar

Varmar opp med klemming og dans.

– I Norge føler eg meg liten som katolikk, men i Brasil er det normalt, seier Klara Sivertsen (18) på ei dårleg telefonlinje frå sambalandet.

Bodøværingen har saman med 130 andre norske ungdommar teke turen til Brasil for å vere med på katolikkane sin verdsungdomsdag, World Youth Day, og mykje anna opplegg. Arrangementet er venta samle minst 2,5 millionar menneske.

– Det er så annleis her, og ingen snakkar engelsk. På messa er det mykje meir liv og i går tok det heilt av med song og dans i kyrkja, seier Sivertsen.

– Får du noko ut av messene når dei er på portugisisk?

– Ja da, for rekkefølgja i messa er lik som i Norge. Eg kan følgje med på dei ulike delane og seie liturgien på norsk.

Flørt. Også for turprest og pressekontakt i Oslo katolske bispedømme, Pål Bratbak, merkar kulturforskjellane godt.

– Heime har vi meir latinsk messesong, og her brukar dei dessutan meir trommer og keyboard.

Turpresten fortel også at lyse nordmenn vekker oppsikt.

– Våre blonde deltakarar får mykje merksemd, i tillegg til at kulturen er veldig vennleg og at brasilianarane gir mykje klemmar.

– Brasilianske gutar er kjent for å vere glad i norske jenter, Klara Sivertsen?

– He he! Ja, det har eg merka. Det er berre kjekt.

– Dei brasilianske gutane er kanskje kjekke også?

– Eg ser ikkje så mykje etter, for eg har kjæraste. Men alle er veldig vennlege, ler 18-åringen.

– Større enn OL. Denne veka er ungdommane i byen Viçosa, som ligg knappe fem timar køyring frå Rio de Janeiro. Her bur dei med brasilianske familiar.

Kyrkjelydane i byen steller til messer, kulturelle innslag og fotballturering for dei norske gjestane som er frå 16 til 22 år. Neste veke går turen til Rio de Janeiro og det gigantiske ungdomsmøtet der pave Frans skal vere med. Arrangøren reknar med at det vil kome fleire folk til dette arrangementet enn til både fotball-VM og dei olympiske leikane som også finn stad i Brasil dei kommande åra.

– I Norge kan vi kjenne oss som framande fuglar, men her i Brasil får vi erfare at å vere katolikk er den vanligaste måten å vere kristen på, seier Pål Bratbak.

– I denne millionmengda vil de vel neppe kome tett på paven?

– Det veit ein aldri. Ein vi snakka med her fortalde han gjekk ut av do, og då køyrde paven forbi. Men det blir nok uansett ikkje tid til dei djupe samtalane.

– Kva ser du mest fram til, Klara Sivertsen?

– Det er ikkje lett å velje. Det er festar her kvar kveld, og vi treff veldig mykje forskjellig folk. Det blir også veldig stort å kome til Rio og delta på den store messa med paven, seier bodøværingen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter