Annonse
Annonse
Annonse
Søk i Tro24

Søk  i  alt  innhold  på VL.no

Annonse

På tro og Are - på TV og i tida

Skeptikaren Are Sende Osen søker svar, men får inga hjelp til å foreine tru og tanke i denne tidstypiske tv-serien om religiøs tru.

ANNONSE
ANNONSE
Cxense Display

På tro og Are

  • Programleder og ateist Are Sende Osen utforsker aspekter ved religion i Norge.

Andre sesong i serien På tro og Are (NRK1) har kun eitt program igjen på sendeskjemaet. På torsdag er temaet åndelege opplevingar, etter at det så langt er fokusert på spørsmål om lækedom ved tru, om Jesus Kristus og om forsaking. Medan vi i fyrste sesong (2010) fekk presentert seks ulike religionar i løpet av like mange program, har altså kvart program i sesong to eit eige tema relatert til tru.

Margunn Serigstad Dahle er spaltist for Tro24, og førstelektor, programansvarlig for kommunikasjon og livssyn på NLA Gilmekollen og team- og produksjonsleder i Damaris Norge.

Religiøs tru

Programleiar Are Sende Osen omtalar seg som skeptikar og ateist med genuin interesse for å finne ut kva som er likt og ulikt i korleis han og personar som trur, lever livet sitt. Tru blir dermed plassert i den religiøse sfæren utan nokon ytterlegare refleksjon over omgrepet.

Les også: Emmy til ettertanke av Margunn Serigstad Dahle

Indirekte møter vi altså den typiske tankegangen at den som ikkje er religiøs, berre held seg til det ein kan vite. Begrunna tillit til vitskaplege fakta, altså, og ikkje snakk om noko form for tru.

Men trass dette synest Osen å vere ærleg når han spør seg om det faktisk kan vere noko meir enn berre blind tru når den religiøse festar tillit til noko overnaturleg og finn meining i noko åndeleg.

Respektfulle møte

Med si ekte interesse og opne, respektfulle haldningar skaper programleiaren tillit hjå intervjuobjekta, og vi som ser på, opplever å få ærlege møte med truande medmenneske frå forskjellig bakgrunn.

Hovudhensikta med serien På tro og Are er å synleggjere kva trua – altså den religiøse trua – kan bety i liv og kvardag. Osen er også oppteken av å skape større forståing ved å peike på alt som er felles mellom ulike religiøse grupperingar på dagens livssynstorg.

Les også: Kirken kan bruke barnefilm av Idun Strøm Sefland

Uavhengig av kva ein måtte meine om programleiaren sin humor, er infotainment-sjangeren si kopling mellom underhaldning og opplysning populær. Men spørsmålet er om opplysninga fører lenger enn til å fremje respekt for valet til den einskilde og til å skape forståing for at dette valet gir enkeltpersonen ei oppleving av meining i livet.

Trass dei nære møta med intervjuobjekta, prega av personleg interesse og ærlege spørsmål frå skeptikaren, er det nemleg eit talande fråvér av svar som ikkje er forankra i eiga, subjektiv oppleving.

Ikkje underleg at programleiaren gir uttrykk for at han er blitt endå meir tvilande etter alle møta med religiøse grupperingar.

Relativisme som utfordring

Programserien speglar ikkje berre det religiøse mangfaldet i samtida, men også relativismen. Dette utfordrar frå eit kristent perspektiv. Sjølve programkonseptet gir nemleg mulegheit for at vi kunne fått eit møte med kristne som er trygge på å kunne vise at kristen tru er truverdig.

Les også: Kaller På tro og Are 'respektløs'

Det at trua er «sann for meg», betyr jo ikkje at sjølve sanninga er subjektiv. For å seie det med den kjende kristne Oxford-professoren John Lennox:

«Kristen tro er ikke et trossprang i mørket, men det totalt motsatte. Bibelen beskriver nemlig tro som en personlig tilslutning på gode grunner.»

Ikkje blind tru, men vel begrunna tillit, altså.

På tro og Are er då også med på å halde liv i myta om at det kun er religiøse menneske som har ei tru. Faktum er at alle menneske trur, spørsmålet er berre: på kva – og kvifor.

Tru har nemleg med kva vi djupast sett festar tillit til og finn meining i.

Like sjølvsagt som at alle menneske har nokre verdiar ein står for, like sjølvsagt er det at det hjå alle ligg ei tru i botnen for livsval og tankegang. Anten denne tilliten er forankra i noko religiøst eller sekulært, kan det vere blind tru eller begrunna tillit.

Alle bør utfordrast på kva grunnar ein har for trua si. Er det ein har tillit til, truverdig?

Reelt behov for svar

Eit totalblikk på serien peikar altså mot samtida sitt livssynstorg så vel som på behovet for kristen apologetikk. Og dette behovet synest stendig fleire å ta på alvor.

Eit illustrerande eksempel kan hentast frå Sørlandet, der det i løpet av to dagar i oktober vart lansert to bøker i apologetikk og arrangert både fagdag og dagskonferanse med fokus på trusforsvar.

Kristen tru og tanke kan faktisk foreinast.

;