Nyheter

Sjekkar inn på asylhotell

Sverige er sprengfullt. Difor bur asylsøkjarar på same hotell som vegfarande gjester i Värmland.

TORSBY, SVERIGE: – Snart reiser vi. Det skal bli godt.

Talal Sharif dumpar ned ved eit bord i restauranten på Värmlandsporten hotell i Stöllet. Ikkje for å ete, men for å snakke om det han har flykta til; ei fredeleg framtid i Sverige. Tannlegen frå Aleppo i krigsherja Syria har budd på dobbeltrom i snart eit år. Han er lei av hotellivet, lei av å bli servert tre måltider om dagen, lei av å gjere ingenting. Han som har skifta status frå asylsøkjar til flyktning vil sjekke ut.

– Värmlandsporten er kanskje det beste asylmottaket i Sverige. Men no har eg endeleg klart å få leigt ein bustad til kona og meg. Vi har fått opphald og flyttar 1. august til Lidköping, og vekk frå denne «grøne ørkenen».

Hotellet ligg i eit vegkryss, djupt inne i grenseskogen mot Norge, sør i Sverige. Det blei bygd på 1990-talet for å trekkje skituristar om vinteren og fisketuristar om sommaren. No trekkjer det så få at hadde ikkje Migrasjonsverket sjekka inn og leigd 124 av 145 senger, hadde hotellet og restauranten vore stengt.

– Svenskar brukar ikkje slike hotell som vårt lenger, seier eigar og drivar Gun-Britt Kjellberg og finn fram ein pose vaskemaskinpulver til ein av langtidsgjestene. Kjellberg syter for kost og losji. Reine klede må somaliaren ordne sjølv.

FAKTA OM INNVANDRING I SVERIGE

Strøymer til Sverige

Ingen land i Europa mottek så mange asylsøkjarar målt i høve til folketalet som Sverige. Over 80.000 søkte asyl i fjor, og talet blir endå høgare i år, viser Migrationsverkets analyser. Saman med Tyskland tek Sverige i mot to av tre syriske asylsøkjarar som kjem til Europa.

– Her får vi permanent opphald. Mange land gjev berre mellombels opphald, forklarar syriske Talal Sharif.

Sprengte asylmottak er utnytta til siste madrass. Difor støvsugar Migrationsverket bygder og byar for ledige senger. Industribygg, hotell i møllposar, campingplassar, nedlagte folkehøgskular – alt som kan godkjennast som asylmottak, med og utan servering, blir spora opp.

Reddar bygda

– Før 2. juledag 2013 hadde vi ikkje mottak i Torsby kommune. No har vi tre – to hotell og ein vandreheim, og fleire vil kome, opplyser Ronny Larsson.

Integrasjonssamordnar i Torsby kommune står det på visittkortet hans. Han har lange dagar på kontoret over kinarestauranten. Larsson skal skaffe det kommunen har minst av, bustader og jobbar til flyktningar som blir sendt til skogkommunen. Integrasjonssamordnaren er både optimistisk og entusiastisk i møte med tilstrøyminga.

– Dette er den svenske landsbygdas sjanse til å auke folketalet – berre vi klarar å skaffe folk jobb og hus.

– Sjå berre på sjukehuset her i Torsby. Hadde det ikkje vore for dei utanlandske legane og sjukepleiarane som kjem hit, ville sjukehuset vore nedlagt, det er eg sikker på.

Den borgarlege regjeringa som styrte Sverige i åtte år fram til valet i fjor valde å halde Sverige ope; landet skulle føre ein raus asyl- og flyktningpolitikk, Sverige skulle ta i mot dei som kom. Den raudgrøne regjeringa, som overtok etter det borgarlege valnederlaget, seier det same: Velkomen skal alle vere.

LES OGSÅ: «Nydanskene» skal ikke sitte på rumpa

Asylfest

Mange huseigarar vil vere med på asylfesten. Dei augnar sjansar til å tene pengar på den sterke tilstrøyminga av asylsøkjarar. I Östmark, ei bygd vel ei mil nord om Torsby, fekk ti svenskar i ein leigegard besøk ein dag i mai. Den nye eigaren fortalde at han hadde kjøpt bustadkomplekset og at leigetakarane måtte ut. Snart skal det stå 144 asylsøkjarar på tunet.

Investoren, ein lokal bilforhandlar, forklarar i Värmlands Folkeblad at han vil tene meir på utleige til asylmottak enn til vanlege svenske leigetakarar. Ronny Larsson i Torsby kommune vippar på kontorstolen. Han ser pragmatisk på saka.

– Naturlegvis vil nokre tene pengar på å drive mottak. Men dei skaper også lokale arbeidsplassar.

Hotelleigar Gun-Britt Kjellberg er samd:

– Vi gjev jobb til kokkar, servitørar, reinhaldarar og dei som driv vedlikehald.

I vinter avslørte avisa Expressen korleis bakmenn sopte inn inntekter ved å bruke eit snikkarfirma som frontselskap. Dette inngjekk avtalar med Migrationsverket, og fakturerte for drifta av mottaka dei offisielt dreiv. Men bakmennene stakk fleire kroner i eigne lommer enn kva som var forsvarleg, og asylsøkjarane fekk dårlegare mottak.

– Det var ikkje bra, kommenterer Larsson og byr på kaffi.

Ein av dei som no stasar i asylbransjen, er han som var Sveriges arbeidsminister fram til 2010. Eks-statsråden skal byggje opp ein portefølje av modulbustadar i kanskje så mange som 15 kommunar.

LES OGSÅ: Fleire flyktningar finn Finland

Brukar tvang

Når Migrasjonsverket no leitar med lys og lykte etter mottaksplassar, kjem mange kommunar i klemma. For private utleigarar treng ikkje godkjenning frå kommunane for å inngå avtalar om å opprette mottak, men kommunane må skaffe skuleplassar og helsehjelp til dei som kjem.

Regjeringa i Stockholm ønskjer å ta heile Sverige i bruk for å ta unna dei som kjem til sveariket. Difor skal kommunane bli tvinga til å ta i mot asylsøkjarar. I dag kan dei seie nei. Arbeidsministeren lagar ein fordelingsplan som viser kor mange personar ein kommune bør ta i mot. Kommunar som vegrar seg mot å skaffe bustader, vil få beskjed om å byggje.

Blir i skogen

I eit skogholt litt vest for Värmlandsporten hotell står fire menn som har fått innfridd tre ønskje: Opphald i Sverige, bustad og jobb.

– Vi er blitt utdanna til skogsarbeidarar, seier tre av dei, alle frå Somalia. Fjerdemann, afganske Zawa Mabruq, har ikkje fått sertifikat for motorsag og ryddesag, så han er med som hjelpemann.

I Sverige kan ein flyktning sjølv ordne bustad når han får opphald. Dermed endar mange opp i storbyane der dei slår seg ned saman med slekt og vener. Men utan jobb.

– Eg kunne ha flytta til Stockholm, der har eg mange vener, men her har eg jobb i skogen, så eg blir i Torsby, fortel Mohamed Ahmed Warsame og rettar på den orange vernehjelmen.

– Og i mai blei kona og eg foreldre for første gong, så no er eg lukkeleg.

LES OGSÅ: Husrom hos sinte dansker

Arbeide på svensk

På Värmlandsporten hotell er det middag. Talal Sharif får ein tallerken ris og kylling av kokken i matsalen. Om ei veke byrjar livet han har venta på.

– Planen er å ta kursa som skal til for at eg skal kunne jobbe som tannlege i Sverige. Men først skal eg lære svensk skikkeleg.

Tannlegen vonar å kunne seie «gap upp» til den første kunden om tre år.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter