Bilde 1 av 5

Fleire flyktningar finn Finland

Ardo frå Somalia nådde målet. Andre når ikkje fram til Finland fordi dei er feil flyktningar.

Reportasje

KOTKA, PORVOO OG HELSINKI, FINLAND: Ardo seier han er 16. Guten har reist frå mor, far og søsken. Reisa frå det krigsherja heimlandet på Afrikas Horn til asylmottaket i kystbyen Kotka aust i Finland vil han seie minst mogleg om.

– Til sist kom eg til Finland.

– Var det til Finland du ville?

– Ja, nikkar han energisk.

Vårt Land vel å kalle han Ardo. Så lenge han er under 18 år, og ikkje har fått svar på asylsøknaden, må han vere anonym.

Finland var lenge eit land asylsøkjarar styrte unna. Det låg i skuggen av Sverige – landet med dei opne dørene –­­ og det hadde ord på seg for å vere eit heller lukka land, særleg på grunn av eit vanskeleg språk.

No er flyktningstraumane inn i Europa så sterke at alle godt utbygde velferdsstatar nord på kontinentet er blitt reisemål for dei som organiserer smuglarrutene. I fjor steig talet på asylsøkjarar til Finland med heile 11 prosent – til 3.651 personar. Og dei fem første månadane i år kom det nesten 1.900.

Ei gruppe skil seg ut; slike som Ardo. Mindre­årige. I 2013 kom det 156, i fjor 196 – og fram til mai i år hadde det kome heile 141.

Lærer finsk

– Finland er topp, seier Ardo og gjev tommel opp.

Han tygg i seg den siste skiva med grovt brød, og heller innpå lettmjølk. Somaliaren er blitt van med den finske morgonmaten, bu på dobbeltrom, stadig få nye vener, særleg frå Afghanistan, Irak og heimlandet – og gå på kurs i finsk.

– Bussen ventar, raska på, ropar mottakssjef Janne Autio inn i matsalen.

Tenåringen skal til Helsinki. På tunet står ein minibuss som skal til hovudstaden, halvannan times kjøring mot vest. I storbyen ventar politiet på busslasta med unge asylsøkjarar frå mottaket i Kotka som alle hevdar dei er under 18 år. Gutane skal til skjelettest på eit sjukehus. Ein handleddtest skal avdekkje om dei verkeleg er mindreårige.

– Er dei det, får dei bli i Finland, for vi sender ikkje heim mindreårige, seier Autio og ser dei vel av garde.

Vil til Norden

Trykket på land som tek imot flyktningar har aldri vore større. Verda over er 60 millionar flyktningar på veg mot eit betre land. Europa er magneten framfor nokon. 714.300 fylte ut eit skjema og søkte asyl i europeiske land i fjor, ein vekst på 47 prosent samanlikna med 2013. Ein region i Europa skil seg markant ut, fortel FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR):

Norden.

Dei fem nordiske landa fekk heile 36 prosent fleire asylsøknader i fjor – eller 106.200 til saman. Difor har Vårt Land reist til Island, Sverige, Danmark og Finland for å sjå korleis flyktningar blir mottekne i Norden.

Får kontakt

– Eg spør aldri kvifor dei kjem til Finland. Min jobb er å gjere opphaldet på mottaket best mogleg. Då treng eg ikkje vite kvifor dei har flykta, seier Janne Autio.

Han er direktør for asylmottaket som i Kotka blir drive av kommunen på oppdrag for Migrationsverket, det finske UDI. Mindreårige bur på eitt mottak. Single, par og familiar får bu 
på såkalla desentraliserte mottak, eigna bustader rundt om i Kotka.

– På denne måten får asyl­søkjarane lettare kontakt med det finske samfunnet.

Sjølv om han aldri spør om kvifor dei har flykta frå heimlanda, veit Janne Autio mykje om ungdommane han husar på senteret i skogen:

I mange flyktningproduserande land blir dei gløggaste og sterkaste unge mennene, dei som har best sjanse til å ta seg til den rike delen av verda, dei som kan skaffe seg ei ny framtid med faste inntekter slik at pengar kan sendast heim, valt ut; dei får sjansen til å flykte.

– Familiane, som ofte har sett seg i gjeld for å klare å sende sønene ut, forventar mykje. Desse forventingane er tunge bører for mange av dei som kjem hit, seier Autio.

Seier nei

Asylsøkjarane som finn vegen til Finland, møter eit hardare politisk klima. I april valde finnane ny nasjonalforsamling. Ei kartlegging gjort av YLE, Finlands NRK, viser at i den nye finske Riksdagen ønskjer seks av ti folkevalde å stramme inn asyl- og flyktningpolitikken.

Valresultatet sende også det innvandringsskeptiske og høgrepopulistiske partiet Sannfinnländarna rett i regjering som landets nest største parti. Den borgarlege koalisjonsregjeringa seier nei til EUs planar om å fordele flyktningar, både ordinære asylsøkjarar som har kome seg inn i Eog kvote-flyktningar plukka ut av FN, til medlemslanda. For Finlands del betyr det nesten 800 ekstra asyl-
søkjarar og 300 ekstra kvoteflyktningar.

Økonomisk nyttige

Trykket mot Finland får 
direktør Esko Repo i asylavdelinga i Migrationsverket til å be om meir pengar. For no går behandlingstida opp, og asylmottaka blir stadig fullare.

– Vi kan handtere 4.000 asylsøkjarar, men treng meir ressursar om talet stig til 5.000, forklarar Repo.

Fram til Finland fekk ny regjering, arbeidde dei tre påtroppande regjeringspartia ut ny politikk. Gruppa som drog opp linene i asyl- og flyktningpolitikken blei leia av sannfinnen Juho Eerola. Før han blei rikspolitikar jobba han på flyktningmottak.

Riksdagsmedlem Eerola har dette synet på flyktningane som no kjem til Finland: Saldoen på den humanitære innvandringa er skikkeleg på minus. Difor må Finland berre sleppe inn dei flyktningane som er økonomisk nyttige.

Ventar på barna

– Berre eg klarar å lære meg finsk, skal eg klare meg sjølv. Eg har fullført første finskkurs og er klar for neste.

Tannlegen er ikkje i tvil, ho vil ha Finland – og for ni dagar sidan sa Finland at dei vil ha henne. Brevet frå Migrationsverket blei opna med skjelvande fingrar. Bodskapen fekk henne til å gråte.

– Eg blei innvilga opphald. Kan du tenkje deg ein betre bodskap når du har reist frå det kjæraste du har.

I ein by i Syria ventar kvinnas to barn på å få reise til mor. Shaza er ikkje hennar verkeleg namn, og ho vågar ikkje vise andletet før sonen og dottera, som bur hjå besteforeldra, har landa i Finland.

– Eks-mannen min støttar president Assad, og han veit ikkje at eg er i Finland, forklarar Shaza.

Vi sit i ein liten toroms bustad i sentrum av Kotka. Tre menneske deler kjøkken og bad. Shaza har det ein rommet. Det er hennar stove og soverom. På naborommet bur Bekele og Bila, eit ungt etiopiske par som snart skal bli tre.

– Kvifor valde de Finland?

– Vi valde ikkje Finland, men for meg er Europa eitt land, seier Bila.

Dei som selde paret reisedokumenta slik at dei kom seg frå Nord-Afrika til Europa, valde Finland.

– Om vi ville valt eit anna land? Nei, slett ikkje. Finland har tatt vel i mot oss, seier Bekele og stryk konas mage.

Snart får dei svar på asylsøknaden.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Kom med fly

Shaza er mellom dei heldige. Ho var gjestearbeidaren som slapp å betale smuglarar for å ta seg til Europa og Finland.

Ei tid før borgarkrigen braut ut i Syria, hadde Shaza nemleg flytta til Saudi-Arabia, men utan barna. Tannlegen tente betre i oljestaten enn heime i Syria. Etterkvart som borgarkrigen i heimlandet gjorde 
livet stadig vanskelegare, kom Shaza fram til at flukt var beste utveg.

– Familien min tilhøyrer ein minoritet som regjeringsstyrkane til Assad drep, forklarar Shaza.

Fordi ho hadde opphalds- og arbeidsløyve i Saudi-Arabia, kunne ho søkje visum til Hellas. Med visum-stempelet i passet tok ho rutefly til Athen. Vel framme i EU, kunne ho fritt reise vidare til eit anna land i Unionen. Shaza valde Finland, eit land med langt færre flyktningar enn nabolandet Sverige, som tek 
imot flest syrarar i Norden.

Krev sterilisering

Samstundes som vi sit aust i Finland og snakkar om draumane Shaza, Bekele og Bila har for framtida i Finland, rasar det ein hissig debatt i finske medier. Same dag legg nemleg Olli Sademies, vararepresentant for Sannfinnländarna i Helsinki bystyre, ut denne meldinga på Facebook:

Afrikanske flyktningar som kjem til Finland bør få maksimum tre barn, så bør dei bli steriliserte for at finske sosialbudsjett ikkje skal bli overbelasta.

Til riksavisa Helsingin Sanomat seier Sademies at han står for kvart ord. På partikontoret til Sannfinnländarna blir det klart at varamannen ikkje kan vente seg større oppgåver for partiet med det første.

Finske gloser

Porten inn til Finland er trong. For dei som slepp gjennom, ventar ei krevjande oppgåve:

– Dei må lære seg finsk. Skal ein bli integrert i Finland, må du kunne språket. Finsk er den store nøkkelen, fortel mottaksdirektør Janne Autio.

Brørne Patcient Manirakiza og Jean-Baptiste Hakorimana har budd eit år i byen Porvoo, ein halvtimes kjøring aust for Helsinki. Dei kom til Finland frå ein flyktningleir i Rwanda. Her hadde kongolesarane budd saman med foreldre og søsken i 19 år. I 2012 fekk dei vite at dei skulle til Finland som kvoteflyktningar.

– Før vi reiste kom ein finsk delegasjon til flyktningleiren og fortalde oss kva vi måtte førebu oss på. Særleg blei eitt tema stressa hardt; de må lære dykk finsk, fortel Hakorimana.

Vi møter dei på ein kafé i Porvoo. Dei er på veg heim frå vaksenopplæringa og nye finske gloser og setningar. Brørne seier det er hardt, men at dei ikkje vil byte bort det nye livet.

Fleire til Finland

I Finland bestemmer kommunane sjølve om dei skal ta imot kvoteflyktningar, og frå kva land dei skal kome. Sosialarbeidar Janina Svaetichin i innvandraretaten i Porvoo kommune meiner Finland bør klare å ta fleire kvoteflyktningar enn dagens kvote, 1.050. Ho peikar mot Sverige og fortel at der tek dei 2.000.

Janne Autio i Kotka er samd. Men begge understrekar kraftig at det er politikarane som avgjer kvoten.

– Eg er klar og kan ha 25 nye mottaksplassar fiks ferdige i morgon, berre her i Kotka. For eitt er sikkert, vi vil få fleire asylsøkjarar til landet.

Finland sa lenge ja til årleg å ta inntil 750 kvoteflyktningar frå FN. I fjor byrja syriske flyktningar å nå fram til Finland i større grupper, og Riksdagen og regjeringa sa ja til å auke kvotetalet med 300.

Avgjerda fekk ein uventa effekt. Kommunar som hadde sagt ja til å ta imot kongolesiske kvoteflyktningar, kom brått på andre tankar. Dei ville heller ha kvoteflyktningar frå Syria. Dermed blei den siste gruppa med kongolesarar sitjande i flyktningleiren i Rwanda.

– Vi og familien vår kom oss akkurat til Finland før kommunane ombestemte seg. No ber vi for at også dei siste må få kome til hit, slik dei er blitt lova, seier Jean-Baptiste Hakorimana.

To unge menn syklar heim på to godt brukte 
syklar. Dei skal utdanne seg til sjukepleiarar. Når dei har lært seg finsk.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Reportasje