Nyheter

– Dette er kvardags-
diakoni i folkekyrkja

I sommar oppdaga folk frå kyrkjelyden straumen av flyktningar. Saman med lokalsamfunnet leverer no kyrkja på Kampen i Oslo klede, leiker, sjampo og mat.

– Vi hadde berre eit val, vi måtte ut og hjelpe, seier Berge Andreas Steinsvåg, leiar i soknerådet i Kampen og pakkar ned ei barne­skjorte i ein pappkasse.

– Men, og det er viktig, vi gjekk saman med alle gode krefter i nabolaget, vi gjekk ikkje ned til Politiets utlendingseining og møtte flyktningane med eit «hei, vi kjem frå den lokale kyrkjelyden».

HER HJELPER DU: Se vår oversikt

Mange må med

– Kvifor ikkje?

– Kyrkja kan ikkje og bør ikkje ta på seg slike hjelpeoppdrag åleine. Skulle vi få etablert ein slitesterkt innsats som kunne levere over tid, måtte vi engasjere breitt i lokalmiljøet. Men alle som er med her veit at kyrkja er sentrale i arbeidet, fortel Steinsvåg.

– Bør kyrkjelydar landet over engasjere seg no når tilstrøyminga av flyktningar aukar?

– Ja, absolutt. Til dømes ligg alle asylmottak i ein kyrkjelyd. Her kan ein gå saman med idrettslaget, speidaren og andre frivillige og banke på for å fortelje at «her er vi, kva kan vi hjelpe til med». Kanskje er det berre snakk om å vere medmenneske som bryr seg, som stikk innom for ein kopp kaffi, eller inviterer heim på middag, seier Steinsvåg før han blir avbroten av ei dame som ropar ei melding inn på ­lagerrommet:

VIL DU HUSE EN FLYKTNING: Registrer deg her!

Månader på vakt

– Berge, eg går heim, eg skal lage nye vaktlister, du får dei snart, melder Mai Yoon, og forsvinn ned trappa.

Vaktlistene er for den lokale folkeaksjonen, Kampen-hjelpen. Sidan juni har lokalfolket i bydelsbydelen aust i Oslo stått på for å gjere livet litt betre for dei mange flyktningane som kjem til Politiets utlendingseining (PU) for å søkje asyl i Norge.

– Då nokon byrja å samle inn klede og leiker i sommar, blei alt sett inn i kyrkja i starten. Men så fekk vi tak i dette lagerlokalet, fortel Steinsvåg og viser rundt i rom for klede, leiker og personleg hygieneartiklar.

– Akkurat no manglar vi herresko i storleik 43, elles har vi mykje av det meste.

HVA GJØR NORDMENN?: Les flere flyktningsaker her

Lagar familiepakkar

Kvar dag går folk frå Kampen-hjelpen ned og sjekkar kva flyktningane treng. Så er det heim for å pakke.

- Vi har små barnefamiliar, store barnefamiliar og einslege, alle får, seier Steinsvåg, og nikkar mot Line Arneberg som pakkar klede i pappkassar:

– Ho kjem frå historielaget.

Arneberg ristar smilande på hovudet:

– Eg representerer ikkje historie­laget, eg er berre ei som ikkje kunne la vere å engasjere meg for dei som strøymer til nabolaget mitt.

LES OGSÅ: Ber deg stemme på flyktningvennlige parti

Deler ut mat

Flyktningane som kjem til for å søkje asyl, blir svoltne i løpet av ventetida. Difor har Kampen-hjelpen og nettverket Refugees Welcome to Norway middagsservering kvar dag utanfor PUs lokale.

– Denne breie mobiliseringa her på Kampen, kva er den eit uttrykk for?

– For meg som leiar i det lokale soknerådet er dette kvardagsdiakoni i folkekyrkja. Det vi er med på gjer meg stolt av den same folkekyrkja. Her evnar vi som bur her på Kampen å hjelpe medmenneske som har mista alt i flukta til Norge, seier Steinsvåg, og trekkjer fram ei side av arbeidet til dei frivillige:

– Vi skal ikkje vere terapeutar, vi skal ikkje drive sjelesorg – det skal fagfolk yte. Vi som kyrkjelemmar skal vise at vi kjem frå ei open kyrkja som lever og verkar i samfunnet.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Kyrkja ikkje sovesal

I den lutherske bydelskyrkja aust i Oslo har dei fått med seg pave Frans’ oppmoding om at «alle kyrkjelydar, alle religiøse samfunn, eitkvart kloster, alle ­Europas kyrkjer» bør ta i mot ein flyktningfamilie.

– Vi har vurdert å opne kyrkja for akutte overnattingar, men har ikkje gjort dette. Vi har funne fram til løysingar som har vore betre. Som til dømes å få høggravide kvinner til legevakta. Der har dei fått ein kontroll og ei seng.

På Kampen stiller også staben i kyrkja opp for flyktningane som samlar seg hjå PU.

– I går laga kapellanen middag medan soknepresten serverte, seier Steinsvåg.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter