Søk i Tilflukt

Søk  i  alt  innhold  på VL.no

Ber nordmenn stille på flyktningdugnad

Røde Kors: Vi har berre sett starten på flyktningstraumen til Norge.

– No må vi gjere det vi kan, løfte saman i ein stor nasjonal dugnad, seier Sven Mollekleiv, president i Norges Røde Kors.

Ikkje sidan andre verdskrigen har det vore fleire flyktningar i Europa. FN melder at talet passerte 300.000 i august. Nær 200.000 har vassa i land i Hellas, medan Italia har registrert 110.000.

I Norge melder både politiet og utlendingsstyresmaktene om auka tilstrøyming, særleg av flyktningar frå borgarkrigen i Syria.

– Vi må gjere tre ting, seier Mollekleiv.

– Vi må få slutt på krigen. Vi må hjelpe flyktningane internt i Syria og i nabolanda. Og vi må hjelpe dei som no flyktar til Europa, og til Norge.

LES OGSÅ: Tyske medier stiller opp for flyktningene

Starta med eit spørsmål

Sist veke mobiliserte restaurantøren Jan Vardøen kollegaer i hovudstaden til å levere mat til dei mange som strøymer til politiet i Oslo for å registrere seg som asylsøkjarar i Norge.

Men mataksjonen starta med at ein afghanar stoppa Mona Bentzen på gata i Oslo og spurde etter vegen til Politiets utlendingseining (PU).

– Eg klarte ikkje å forklare vegen godt nok, så eg blei med for å vise han adressa. Det som møtte meg der var sjokkerande. Redde, forkome og svoltne flyktningar som måtte sove på golvet og som levde på knekkebrød og kaviar, fortel Bentzen.

Motivert av eit årelangt engasjement for flyktningar gjekk Bentzen rett heim og byrja å lage mat som ho frakta opp til PU-kontoret.

– Saman med ein tolkeven fekk vi forklart kven vi var og at vi ville hjelpe. Mottakinga blei storvegs, fortel Bentzen.

Aksjonen spreidde seg gjennom Bentzens nettverk, og mange kom med. Blant dei Jan Vardøen.

LES OGSÅ: Flere barn på flukt

Gode tilbod

Røde Kors-president Mollekleiv meiner at mataksjonen i Oslo viser kva som bur i nordmenn.

– Vi har vilje til å hjelpe, vi kan vise solidaritet – og no trengs det verkeleg. For den tilstrøyminga av flyktningar som vi no ser, er berre starten.

For å vere budd har Røde Kors-leiinga reist rundt i eigen organisasjon. No er 42.000 medlemmer klare til dugnaden som vil kome.

– Vi klarte det under Balkan-krigane, då strøymde det på med menneske til Norge som trong hjelp. Den gonge mobiliserte det frivillige Norge for å ta i mot dei som kom. Det må vi gjere no også.

Rundt om i Kommune-Norge er Røde Kors klare til å ta rolla som frivilligkoordinator.

– Lag og foreiningar skal gjere det dei er gode på. Dermed får vi organisert gode tilbod til flyktningane.

LES OGSÅ: – Flyktningekonvensjonen truet

Møte med ærefrykt

Sturla Stålsett er ein av Norges fremste frivilligleiarar. Han er styreleiar i Frivillighet Norge, paraplyorganisasjonen for 80.000 lag og foreiningar.

– Vi må ta i mot dei som kjem. Alle lag og foreiningar kan vere med. Det er flott å sjå det spontane engasjementet frå folk. På lang sikt er integrering det viktigaste, og her er dei frivillige organisasjonane viktige hjelparar, seier Stålsett, som var generalsekretær i Kirkens Bymisjon før han blei professor på Menighetsfakultetet.

Stålsett understrekar at dei som kjem ikkje skal bli møtt med at dei vil liggje Norge til byrde.

– Vi skal møte dei med noko nær ærefrykt; dei har gjennomlevd mykje vondt, og vist mot og styrkje ved å flykte frå heimlandet, seier han.

LES OGSÅ: Norsk skip deltar i omfattende redningsaksjon

Nokon å snakke med

På Tøyen i Oslo, der PU held til, ser Mona Bentzen at eit enkelt frivilligtiltak har mykje for seg:

– Nordmenn som møter flyktningar med eit «velkomen», og set seg ned for å snakke, er etterspurde.

ANNONSE

;