Teaterduo med nytt blikk på Brand
Set Ibsens rollefigur i samband med Børre Knudsen.
Regissør Kjetil Bang-Hansen og skodespelar Svein Tindberg skal sette opp Henrik Ibsens på hovudscena til Det Norske Teatret i januar. Agnes Kittelsen spelar Agnes.
Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Regissør Kjetil Bang-Hansen og skodespelar Svein Tindberg har samarbeidd om ei rekke skodespel med religiøs tematikk, som Markusevangeliet, Apostelgjerningane og sist med Abrahams barn. I januar er duoen aktuell med Henrik Ibsens Brand på hovudscena på Det Norske Teatret, om den kompromisslause presten som følgjer det han opplever som sitt kall. Tindberg oppfattar likevel Brands prosjekt om at Gud skal gjennomveve våre liv som ein «vakker og stor tanke».
– Det første folk seier om Brand, er at han er ein fanatikar som går over lik. Men når vi no skal ta fatt i han, kan han ikkje vere eit ferdig produkt. Brand er ein fyr som verkeleg lengtar etter noko som er fint. Likevel går det gale, seier Svein Tindberg til Vårt Land.
– Kva tar du med av deg sjølv inn ei slik rolle?