Sjølvkjensle under lupa

Dei speglar oss så vi ler og græt, skodespelarane i Carl Frode Tillers Kven er redd?.

HUMOR: Det er humor, energi og framdrift så ein berre må gje seg over på urpremieren av Carl Frode Tillers teaterstykke . Frå venstre: Ulrikke Hansen Døvigen, Svein Tindberg og Frode Winther.

Carl Frode Tiller har truffe ein haug med spikrar på hovudet i si nyskrivne teaterframsyning. Den største av spikrane er at vårt sårbare indre er så ømt at vi ikkje torer å la nokon sjå det. Kanskje ikkje eingong våre nærmaste, ja, kan hende vi ikkje vil sanna det sjølve heller. Vi gøymer oss bakom ulike fasadar. Det gjer ikkje samtale og samliv enkelt. Men på scenen kan det bli svært interessant – og morosamt.

Hakka i fillebitar

Der ser vi Bjørn og familien hans. Med kona Ingvild, to tenåringsborn, far til Bjørn og foreldra til Ingvild. Bjørn har gjort ei lita klassereise frå arbeidarheimen der han vaks opp med ein grovkjefta far. Han har blitt skodespelar og gifta seg med Ingvild som er frå finare kår. Men lukka smiler ikkje til dei. Ungane er i kvar si tenåringsboble, og sjølve er dei irritable og mistruiske til kvarandre. Knapt ei setning når fram til den andre utan at ho blir hakka i fillebitar og analysert for moglege skjulte, negative bodskap.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS