Maria Magdalena på kyrkjeturné
Jesus hadde eit radikalt syn på kvinner, seier skodespelar Reidun Melvær Berge. I april speler ho Maria Magdalena i 16 kyrkjer i Sogn og Fjordane.
– Publikumet var veldig lydhøyrt i fjor, så eg gler meg til ny turné i år, seier Reidun Melvær Berge.
Espen Nyttingnes
– Stykket seier noko universelt for alle som har kjent på utanforskap, seier Berge.
Maria Magdalena – Jesu virke er forma som ein monolog og er del av ein trilogi om kvinner i Bibelen skrive av forfattar Håvard Rem. Det andre stykket handlar om Mirjam, og i tredje del får vi sjå påskeevangeliet frå Maria, Jesu mor, sitt perspektiv.
– Eg speler Maria som sit ved eit bål utanfor Jerusalem og fortel om den lange reisa med Jesus ho har vore med på.
Bestill abonnement her
KJØP