Nyheter

Sosial kontroll

ANALYSE: Statar med sterk kontrolliver overvakar Facebook. Facebook sensurerer politisk innhald. Og har levert personinformasjon til etterretningsteneste.

Denne analysen ble først publisert 9. september.

Alle er på Facebook. Snart.

Svimlande 1,7 milliardar menneske har no ein konto hjå den amerikanske nettstaden. Facebook er det suverent største sosiale mediet i den globale landsbyen. Dette gjer at mange kan dra nytte av informasjonen brukarane legg frå seg på Facebook-veggen.

I 2012 sa Julian Assange, ein av grunnleggjarane av varslarnettstaden WikiLeaks, at Facebook var ein «spionmaskin», og at alle som legg ut personinformasjon på Facebook utfører gratis arbeid for dei amerikanske etterretningstenestene.

LES OGSÅ: – Først tar de krigsbildene – i morgen kan det være religiøse minoriteter

Personinformasjon

Året etter avslørte The Guardian og Washington Post at etterretningstenesta NSA hadde direkte tilgong til data frå nettgigantane, Microsoft, Yahoo, Google, PalTalk, AOL, Skype, YouTube, Apple – og Facebook. NSA hadde blant anna sikra seg tilgong til historikk frå private samtalar og meldingar på Facebook.

Det var med hjelp av sofistikerte dataprogram at NSA evna å hente ut personinformasjon frå Facebook og dei andre selskapa. Dermed kunne NSA følgje med på alt frå e-postar til folks søkjevanar på internett.

LES OGSÅ: Nå vil Facebook sensurere mer enn nakenhet

Innsyn

For å demme opp for bilete av ein ettergjeven organisasjon, gjekk Facebook ut med informasjon som sa at amerikanske styresmakter etterspurde informasjon om brukarane til nettsamfunnet eit tusental gonger i 2012.

Men Facebook opplyste ikkje kor mange gonger dei kom krava i møte eller avviste krava om innsyn.

Sømeleg

Når alle har ein mobiltelefon som er kopla til Facebook via nettet, får også samfunnskontrollivrige statar eit nytt verktøy. Ved massiv overvaking av Facebook kan dei leite seg fram til borgarar, eller utlendingar, som ikkje oppfører seg sømeleg.

LES OGSÅ: Vil forby film med sexscener

Kysset

I Marokko blei tre tenåringar arresterte etter at det blei lagt ut eit kyssebilete av ein gut og ei jente, og der tredjemann stod for fotograferinga. Arrestasjonen fødde i ein skarp debatt individuelle rettar i landet. Påtalemakta i heimbyen til dei tre meinte bilete «krenka den offentlege ærekjensla».

Krenka

Ein amerikanar som arbeidde i dei Sameinte arabiske emirata (UEA) blei arrestert då han returnerte til jobben etter eit opphald i USA. Her hadde Ryan Pate hamra ned ein tekst på Facebook-sida si der han kritiserte arbeidsgjevaren i UEA.

Då han landa i Abu Dhabi blei han henta av politiet og putta i ei celle. Han kom ut etter å ha betalt ei bot for å ha krenka arbeidsgjevaren i sosiale medier.

KOMMENTAR: Facebook - den digitale gapestokken

Regelverk

I 2012 blei eit 17 sider langt regelverk for kva som er sømeleg på Facebook lekka via nettstaden Gawker.com, fortalde Aftenposten.

Ein tilsett i selskapet oDesk, som leverer moderatortenester til store internasjonale nettenester, Facebook inkludert, var personen som gav omverda innsyn i kva Facebook meinte var sømeleg og kva som måtte vekk.

BBC melde av «struttande kvinnelege brystvorter», «nakne rompesprekkar» og kvinner som ammar utan var for sterk kost for Facebook.

Bilete av to av same kjønn som kyssar, «tafsing» og «forspel» var innafor. Seinare har Facebook godteke ammebilete, etter sterkt press.

VERDIBDEBATT: Er Facebook en fare for demokratiet?

Sensur

Regelverket hadde ikkje berre kroppslege forbodsparagrafar. Dei som skreiv negativt om Tyrkias nasjonalhelt Kemal Atatürk, eller positivt om den kurdiske kampen for sjølvstende, blei også ramma av sensuren.

Skuldingane om at Facebook har lytta på krav frå Ankara har kome med ujamne mellomrom dei seinare åra. Så seint som i august opplevde den norske organisasjonen Solidaritet med Kurdistan at Facebook slettet annonsa deira for ein demonstrasjon for kurderleiaren Abdullah Öcalan. Og folk som delte annonsa blei kasta ut av det sosiale mediet.

Facebook-sjef Mark Zuckerberg er ein uvanleg redaktør.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter