Film

Skattelette for Hollywood

OL-pampane blir sett på som grådige 
når dei ønskjer skattefritak i Noreg. Får Hollywood valse inn i norske naturperler for å lage statsstøtta film?

Dette er en kommentar. Den gir uttrykk for skribentens analyser og meninger.

For tida går debatten friskt om ei mogleg insentivordning for film, som kulturminister Thorhild Widvey har signalisert at regjeringa ønskjer å innføre. ­Oslo Economics leverte si utreiing i mai. Konklusjonen var at ei insentivordning ikkje nød­vendigvis er samfunns­økonomisk lønsam, men at ­ordninga truleg vil vere eit effektivt ­verkemiddel for å styrke norsk TV- og film­produksjon. Tanken er at det blir auka aktivitet og fleire arbeidsplassar for norske filmfolk dersom dei store Hollywood-produksjonane legg filminn­speling til Noreg.

For å lokke Hollywood til det vesle, dyre landet vårt, kan ­produsentane til dømes få skattelette. Det er eit tiltak vi kjenner frå næringslivet, der små øystatar med gunstige skattevilkår – såkalla skatteparadis – kan ­lokke til seg hordar av skipsreiarar. Vi kjenner det også frå idretten. Den internasjonale olympiske komiteen (IOK) stiller krav om skattefritak for å arrangere OL i landet ditt. Mange meiner OL-pampane er grådige. Derimot verkar det som om mange er positive til at Hollywood skal ­valse inn i norske naturperler for å ­lage actionfilm.

Auka aktivitet. Eg ser ­argumenta for ei insentivordning. Iallfall dersom ikkje ­ordninga går ut over eksisterande norske støtteordningar for film. Auka aktivitet som følgje av friske pengar kan føre til raskare profesjonalisering av bransjen – at fleire lokale filmarbeidarar får erfaring frå store utanlandske produksjonsmiljø. Sam­tidig kan ein spørje seg om ikkje desse kronene ville hatt betre ­effekt av å gå direkte til den norske filmbransjen. SV-politikar Bård ­Vegard Solhjell sa nyleg til Dagbladet: «Hvis det er slik at man må bruke mer penger, prioriter­er jeg større filmproduksjon på norsk fremfor Game of Thrones i Norge.» Ei insentivordning med ferske kroner vil truleg skape oppdrift i filmfeltet, men ordninga vil skape endå meir oppdrift i det lokale næringslivet. Dette er nok gledeleg for Høgre, men gagnar det den norske filmbransjen totalt sett?

Signal med kutt. Kultur­minister Thorhild Widvey starta ministergjerninga med å ­kutte 36 millionar kroner til norsk film på statsbudsjettet. Det er få kroner, men eit sterkt signal­, når Widvey samtidig seier at ho ønskjer å gi gode ramme­vilkår til norsk film. Dersom kroneflytt skulle bli resultatet, i framtidige tronge tider, ville det vere høgst skadeleg for den norske kvalitets­filmen. Då blir ei insentiv­ordning i praksis å flytte pengar frå sårbare norske filmmiljø til utanlandsk stor­kapital og norsk turistindustri. Ingen ­ønskjer seg dit. Men det kan ­likevel bli resultatet.

Det er dårleg filmpolitikk om ikkje insentivordninga primært kjem norske filmkunstnarar til gode. Frederick Howard, produsent i Storm Films og leiar av spelefilmgruppa til Produsentforeininga, er blant dei som fryktar at det er norsk film som må ta støyten når Hollywood togar inn. «De som vil få svi, er norske regissører, manusforfattere, skuespillere, fotografer og komponister. Hollywood vil ikke komme hit for å ansette norske kunstnere. De vil komme for naturen vår, og kun ansette norske assistenter og sjåfører,» sa Howard nyleg til Vårt Land.

Doble sysselsetting. Slik teiknar han eit dystert scenario for den norske insentivmodellen. Men det er mange som tenker meir positivt, ikkje berre Steven van Zandt, som besøkte Norsk ­Industri, LO og Virkes seminar i Folkets hus i går. Skodespelaren, som er kjent frå TV-seriar som Sopranos og Lilyhamer, meinte ifølgje ein Twitter-rapport at det ville vere umogleg å tape pengar på ei insentivordning. Også ein sindig kar som Sverre Pedersen i Norsk filmforbund trur at ei insentivordning kan doble ­talet på sysselsette i norsk film på fem til ti år. «Produksjon som i dag flagger ut bare for å tjene penger, vil miste motivasjonen for å gjøre det. Vi er helt overbevist om at en konkurransedyktig refusjonsordning vil ha store positive ringvirkninger,» har Pedersen sagt til Klassekampen.

Det blir mykje for kulturministeren å ta fatt på etter at høyringsfristen for Oslo Economics' rapport går ut den 7. august. Til neste år kjem filmmeldinga frå regjeringa. Eg forventar ei melding som kjem den norske filmkunsten til gode, ikkje ei melding som gjer seg lekker for Hollywood.

Les mer om mer disse temaene:

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo er journalist og litteraturkritikar i Vårt Land. Han er tidlegare kulturredaktør i avisa. Walgermo er også forfattar.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Film