Klima

Wagle: Kyrkja for usynleg i klimakampen

Halvor Nordhaug: LO-lina tek frå Noreg allt truverde i klimakampen.

Biskop Halvor Nordhaug og biskop emeritus Finn Wagle er sterkt kritisk til at LO gjev opp måla om sterke norske kutt i CO2-utsleppa, slik LO-leiar Roar Flåthen gjorde klart onsdag.

– Dette vil ta frå Noreg alt truverde. Dette er ikkje berre eit teknisk og økonomisk spørsmål, men også eit moralsk og politisk spørsmål. Dersom ikkje Noreg med sin botnsolide økonomi kan klare innanlandske utsleppskutt, kven skal då klare det? spør Nordhaug.

Han seier at han hadde venta eit større perspektiv frå både arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida enn at klimasaka handlar om arbeidsplassar.

– Det er svært skuffande. Og det er ikkje berre LO, men også ulike politikarar som har fått kalde føter, seier biskop emeriutus Wagle til Vårt Land.

LES OGSÅ: KrF om klimasnu: LO begår svik, bedrag og løgn

Han meiner det er avgjerande å halde opp kuttmål for norske utslepp slik at vi får utvikla ein meir miljøvenleg industri.

– Snuoperasjonen til LO er å stikke hovudet i sanden. Dei totale utsleppa er for store og må ned. Vi må få ei skattlegging som tek omsyn til den forverringa for klimaet som vi alle er med på. Det gjeld både industri og privat forbruk som bilkøyring og flyreiser, seier Wagle. Han vil ikkje talfeste korleis utslepp skal skattleggjast.

PÅ VERDIDEBATT.NO SKRIV HALLGEIR REITEN: [http://www.verdidebatt.no/debatt/cat1/subcat2/thread151921/#post_151921 «Det er et grelt eksempel på ren og skjær egoisme. Norske arbeidsplasser er mer verdt enn at hele øysamfunn i stillehavet står i fare for å bli totalt utradert. Norske arbeidsplasser må vernes om selv om det innebærer at vi fortsetter å forurense her hjemme.»] DISKUTER.

Usynlege biskopar. Wagle viser til at Den norske kyrkja gjennom Bispemøtet og Kyrkjemøtet frå tidleg på 90-talet har vedteke klare fråsegner om ansvaret for Moder jord.

– Desse må no følgjast opp i den offentlege debatten. Det er viktig at biskopane igjen løftar dette fram, seier Wagle.

– Er biskopane i dag for lite synlege?

– Ja. Kyrkja har tidlegare spelt ei langt meir aktiv rolle enn i dag. Lokalt gjer kyrkjelydar mykje godt, mellom anna gjennom Skaparverkets dag. Men det er viktig no å løfte fram ei grunnleggjande etisk tenking. Den må kyrkja bere fram og vere talsmann for. Kyrkjeleiarar må løfte klimasaka opp på eit overordna plan. Ropet frå den såra jorda vert tydelegare og tydelegare. Det er eit rop til oss alle, seier Wagle.

– Ikkje tute i hornet. Nordhaug seier han dels er samd med Wagle.

– Men eg trur vi som er biskopar no vurderer kva nytte det har at vi tek ordet. Vi kan ikkje berre tute i hornet kvar gong vi blir engasjert. Då eg i diskusjonen om mastene i Hardanger tok til orde for verken å leggje kabel i sjø eller i luft, men ville ha ein strategi for å spare energi, talte eg for døve øyro, seier Nordhaug.

- Kalde føter. Wagle seier at det ikkje berre er LO som har fått kalde føter i klimakampen, men også politikarar i ulike parti som Wagle ikkje vil nemne med namn.

– Problema splittar djupare i fleire parti enn vi er klar over. Kyrkja må halde fram dei overordna etiske problema. Kyrkja må løfte fram at vi i dag tærer på den kapitalen som høyrer barnebarna våre til. Vi må innsjå at måten vi forvaltar ressursar og klima på vil ha fatale følgjer i framtida. Det er denne etikken og ansvaret for etterkomarane vi må få fram. Vi må sikre at det er livsvilkår for eit permanent liv på jorda.

- Utfor stupet. Wagle meiner at det må synleggjerast i statsbudsjettet at dagens økonomiske vekst ikkje er berekraftig.

– I staden må vi få fram ein annan vekst som i dag er fråverande: Veksten i samlivet med Moder jord. Dagens vekst fører oss rett utfor stupet, seier Wagle.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Klima