Nyheter

Vil ha eigne muslimske gravplassar

Soknerådet i Balestrand ynskjer eigne regionale gravplassar for muslimar.

Soknerådet meiner at det på grunn av den muslimske tradisjonen med at gravene skal vende mot Mekka vil vere ein idé at det i størst mogeleg grad vert laga eigne regionale muslimske gravplassar. «Ynskjet om gravlegging i ein annan retning enn dei andre gravene kan lett føra til ein lite effektiv bruk av gravplassarealet dersom slike graver vert lagt innimellom graver med anna orientering», heiter det i høyringsfråsegna frå soknerådet om den nye gravferdslova.
Vårt Land skreiv tidlegare i dag at det ikkje er plass til muslimar på gravplassane i Balestrand, slik det gjekk fram av Sogn Avis. Dette vert tilbakevist på Balestrand sokneråd sine heimesider der dei tilbakeviser at det ikkje er plass for muslimar på gravplassane. «Det er no viktig for soknerådet å få fram at ALLE innbyggjarar i Balestrand kommune har lik rett til gravlegging på ein av kyrkjegardane i kommunen», heiter det på nettsida.

– Ikkje ro. Dei meiner at forslaget til ny gravferdslov generelt er prega av ei nedvurdering av den kristne kulturarven.
– Det verkar om departementet meiner at bruk av mest mogeleg «nøytrale omgrep» vil skape ro om saka. Dette er Balestrand sokneråd ueinige med. I møte med andre religionar, er det viktig at majoriteten i samfunnet også har aksepterte referansepunkt og rådet vurderer det ikkje som sjølvsagt at vi treng forlate vår eigen arv i møte med det nye, skriv soknerådet.

Mange reagerer. Regjeringa sende i sommar ut forslag til meir livssynsnøytral gravferdslov som eit ledd i arbeidet med å tilpasse Noreg til eit meir kulturelt mangfald. Her er det mellom anna foreslått å erstatte vigsling av gravjord med ein «seremoni», avgrense bruken av ordet «kyrkjegard» til fordel for «gravlund». Ei gjennomgong Vårt Land gjorde av dei 166 innkomne høyringsutsegnene i førre veke, viste at det er mange som reagerer på nedtoninga av vigsla jord.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter