Nyheter

Vi støvsugar Sverige for sjukepleiarar

Svensk sjukehus måtte stenge akuttavdeling i sommar. Sjukepleiarane vil heller jobbe i Norge.

Kvart år utdannar svenske høgskular nesten 4.000 nye sjukepleiarar. Kvart år søkjer opp mot halvparten av desse om norsk godkjenning av utdanninga for å få jobbe i Norge.

Konsekvensane av sjukepleiarflukta vestover er svært synleg. Operasjonar blir dytta ut i tid, pasientar blir skrivne ut før tida og avdelingar lukkar. Rett før sommarferien måtte direktør Barbro Fridénpå Sahlgrenska Universitetssjukhuset (SU) i Gøteborg leggje ut denne meldinga på heimesida:

«Att Mölndals medicinakut stängs tillfälligt under sommaren beror på att det liksom tidigare år har varit svårt att rekrytera sommarpersonal till stora delar av sjukhuset».

Akuttavdelinga ved Nord-Europas største sjukehus opnar i dag etter å ha vore sommarstengt i ni veker.

- Slik kan vi ikkje ha det. Sverige største sjukehus skal ha nok personale, seier Johnny Bröndt, nestleiar i styret i SU, til Vårt Land.

Takka nei. Nyutdanna Camilla Gunnarsson og Josefin Moberg hadde tilbod om jobb på Sahlgrenska. Men dei meinte 21.800 svenske kroner i månadsløn var for lite. Gje oss 24.000, og vi tek jobbane, lydde deira krav. Men SU sa nei. Då pakka Gunnarsson og Moberg kofferten og reiste til Lørenskog i Akershus.

– Å jobbe utanlands er vår måte å protestere på, seier Gunnarsson.

Ved å kjøre vel tre timar nordover frå Gøteborg, fekk dei svenske sjukepleiarane ei heilt anna lønn. Akershus universitetssykehus (Ahus) i Lørenskog kunne nemleg freiste med heile 10.000 svenske kroner meir i månadsløn.

– Vi har stort behov for vikarar, og vi rekrutterer på ein nordisk arbeidsmarknad, seier personaldirektør Jan-Inge Pettersen ved Ahus til Vårt Land.

– Har du dårleg samvit for at du får fatt i sjukepleiarane dine svenske kollegaer gjerne skulle hatt?

– Vi kan tilby betre vilkår, og det handlar ikkje berre om lønn, seier Pettersen.

Ved Ahus får svenske sjukepleiarar fleire tillegg, og dei får ei anna fagleg oppfølging enn heime i Sverige.

Lønningar lokkar. På Statens autorisasjonskontor for helsepersonell (SAK) får dei mange brev med svenske frimerke. Alle utanlandske helsearbeidarar som vil arbeide i Norge må få utdanninga godkjent av SAK. Kommunikasjonsrådgjevar Anette Bryn opplyser at dei to siste åra har nesten 2.500 sjukepleiarar med svensk utdanning fått norsk autorisasjon. Og frå januar til 15. august i år, er 792 blitt stempla godkjent.

I Norsk Sykepleierforbund er dei bekymra for utviklinga. Dei ønskjer at Norge skal klare å tilby norske sjukepleiarar så gode vilkår at dei blir i helsevesenet. Slik vil også Sverige få behalde dei sjukepleiarane landet treng.

– Men vi ønskjer dei svenske sjukepleiarane velkommen til å jobbe ved sjukehus og i kommunar, for vi treng dei, slik stoda er, seier forbundsleiar Eli Gunhild By til Vårt Land, og legg til:

– Vi forstår at norske lønningar lokkar.

Vurderer lønnsauke. – Kva meiner Sykepleierforbundet må gjerast for å stoppe sjukepleiarflukta frå Sverige til Norge?

– Sjukehus og kommunar i Norge må tilby heile stillingar, og gode arbeidsvilkår. Slik kan norske sjukepleiarar bli verande i yrket, og dei som har skifta til andre bransjar kan bli freista tilbake, og dermed kan Sverige få behalde fleire av sine eigne.

Men By vedgår at arbeidsgjevarane i dag rekrutterer på ein stor, europeisk marknad, så det vil alltid vere utanlandske sjukepleiarar som vil arbeide i Norge.

Johnny Bröndt, styrenestleiar ved Sahlgrenska i Gøteborg, vil på styremøtet på fredag ta opp lønnsnivået.

- Vi må sjå på kor mykje det vil koste å heve lønningane, så må vi avgjere om nivået skal opp. Men ein ting er sikkert, SU skal ha dei beste sjukepleiarane.

Jobbar mindre. Svenske Camilla Gunnarsson og Josefin Moberg har hatt fulltids sommarjobb på Ahus. Sjølv om dei har hus og nettverk heime i Gøteborg, blir dei på Ahus til neste sommar. Men dei skal ikkje jobbe fulltid.

– Planen er at vi skal jobbe 60 prosent i haust. Då arbeider vi fem eller seks dagar og har ni dagar fri. Men med tillegga kjem vi opp i svensk fulltidslønn, fortel Gunnarsson.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter