Nyheter

Utøya-prest tydde til tårer og trening

Prest Runar J. Liodden var ein av 32 kyrkjetilsette som lytta til ungdommar og pårørande på Sundvollen.

Torsdag var Runar J. Liodden med på samlinga for dei kyrkjelege hjelparane etter tragedien på Utøya fredag.

– Korleis var det å vere prest på Sundvollen?

– Det var krevjande og veldig sterkt å møte ungdommane og dei pårørande. Eg måtte felle tårer fleire gonger.

Desse menneska var i djup krise og avhengig av at du stod oppreist. Skada det situasjonen at du gret?

– Nei, eg erfarte at situasjonen vart betre. Ved å sleppe til kjensler kom eg nærmare dei ramma.

Letta trykket. Får du meir å bearbeide sjølv i ettertid når du slepp desse skjebnane så nært på deg?

– Eg trur det blir lettare. Gjennom historiene og tragediane fekk eg så mykje inn, at eg trengte å reagere ut også. Tårene letta på trykket.

– Kva tenkte du at du måtte gjere for å vere til hjelp?

– Mi erfaring frå møte med folk i sorg er at det er nok å vere roleg og vise interesse. Det var det eg prøvde på.

Korleis klarte du å vere roleg?

– Først og fremst tenkte eg på at Gud var nær og med i dei samtalene eg hadde. Slik klarer eg senke skuldrene. I tillegg har eg ei barnleg tru på at Gud leier meg til dei menneska som eg skal sjå ekstra til.

Var mange. Liodden er glad for at dei var mange i hjelpeapparatet. Det ga meg også ro til å tørre å ta meg av enkeltpersonar. Eg slapp å flyge rundt frå person til person, men kunne ta meg god tid. Samtidig var situasjonen utfordrande. Eg visste ikkje korleis eg kunne vere til hjelp utan å trengje meg på. Det var ikkje slik at eg sat på ein stol i eit rom og så skulle dei som hadde behov kome inn til meg.

– Så korleis gjekk du fram?

– Ungdommane og familiane sat saman i grupper. Eg tok ein runde for å sjå om nokon var åleine, men det var det ikkje. Då vart eg usikker på kor eg skulle gjere av meg.

– Litt etterpå såg eg ei gruppe ungdommar frå Sør-Trøndelag som las VG. Eg slang meg inn i samtalen og spurte korleis dei var ramma. Nokon svarte meg med å vise på avisbilete kor dei hadde gøymt seg, andre kor dei hadde sumt og kvar dei hadde opplevd skyting. Etter denne samtalen følte eg at eg var hadde kome litt innpå dei ramma, og det vart lettare å ta initiativ til andre samtalar.

Betydde mykje. – Følte du at du var til hjelp?

– Ja. Eg fekk tilbakemelding frå fleire at det betydde mykje å få snakke med meg.

– Korleis har du fått krefter og hjelp sjølv i desse dagane?

– Gud har gitt styrke. Det at vi har vore mange i støtteapparatet har også vore styrkande, og vi har støtta kvarandre. Eg har også fått trena, og hogde ned masse tre i hagen. Det var så godt å gjere noko fysisk at eg hogde ned mange fleire enn eg trudde eg skulle klare. Dessutan får eg kopla av frå presterolla i møte med kona og ungane mine.

Tilbod om hjelp. - Korleis skal du som hjelpar i tida framover få hjelp sjølv, etter alle opplevingane du no ber på?

– Det blir mykje av det same som har gitt meg krefter hittil. Vi i prestekollegiet snakkar også saman, og viss krisa skal ramme meg så kan eg kontakte prosten, som igjen kan ordne med sjelesorg.

– Korleis var samlinga i dag for dykk i kyrkja som har vore på Sundvollen?

– Det var absolutt til hjelp. Det var utruleg godt at statsråden prioriterte oss på denne måten. Samlinga inneheldt også gode ord og bøner som eg ikkje ville ha kome fram til på eiga hand, men som stadfesta min situasjon. Eg var ikkje klar over at eg trengte denne samlinga.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter