Nyheter

Trekkjer omstridt hefte

Kvitsund gymnas sluttar å bruke kristendomshefte som seier at abort er mord.

Sist veke fekk blei det kjent at ein elev ved Kvitsund gymnas har klaga undervisninga i kristendom inn for Fylkesmannen i Telemark, som sende saka vidare til Utdanningsdirektoratet for vurdering.

No går skulen ut og seier at dei sluttar å bruke det omstridde heftet der det står at homofili skuldast ein skade som eit barn får i 2-3 års alderen, at abort er mord og at alle homofile kan heilast.

Egna materiale. – Heftet er ikkje på boklista i kristendom, men har vorte nytta av læraren då det ikkje finnest godkjend læreverk i faget. Kvitsund vil difor finne anna egna materiale, seier Torleif Belck-Olsen i ei pressemelding.

Etter massiv kritikk frå særleg AUF-leiar Eskil Pedersen, går Belck-Olsen ut og forklarar bruken av heftet slik:

Ulike teoriar. – Når det gjeld spørsmålet om homofilt samliv, held Kvitsund fast ved at ramma for det seksuelle samlivet er ekteskapet mellom mann og kvinne. Vi vil også halde fram at eit lite foster har menneskeverd og rett til liv. Det er ikkje slik at Kvitsund lærer elevane noko spesielt om kva som er årsaka til ein homofil legning. I heftet som blir nemnd i brevet vert det derimot presentert ulike teoriar om dette.

No skal Kvitsund gymnas svare Utdanningsdirektoratet som har sendt brev der ein ber om opplysningar om heftet som har vorte delt ut i timane i kristendom i vg2.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter