Nyheter

Tonar ned dei krasse orda i KrF-striden

Fylkesleiar i Møre og Romsdal er open for å godta forslag frå sentralstyret.

Fylkesleiar Kjell Lode i Møre og Romsdal KrF vil drøfte forslaget frå sentralstyret til nye verdiparagrafar i KrF med fylkesstyret sitt før han konkluderer. Men han er positiv.

– Det er sakleg grunn til å tone ned dei krasse orda i debatten, seier Lode til Vårt Land.

LES OGSÅ: KrF-toppane samla seg om erstatning for troskrav

Han sa i eit intervju med TV2 i haust, etter at strategiutvalet hadde kome med sine framlegg, at somme ville oppleve det som eit svik å fjerne vedkjenningskravet til tillitsvalde.

– Eg har aldri sagt at eg sjølv ville meine det var eit svik, seier Lode.

Fylkesstyret i Møre og Romsdal meinte at det førebels ikkje er grunn til å fjerne vedkjenningskravet. Fylkesstyret opna sekundært for språklege endringar. Lode seier no at «det meiningsberande innhaldet i forslaget frå sentralstyret» ikkje ligg så langt unna sekundærstandpunktet til fylkesstyret hans som strategiutvalet sitt forslag etter hans syn gjorde.

Lode seier at mange enno ikkje er fortrulege med tankane bak endringa.

– Det blir ei krevjande oppgåve å synleggjere at forslaget til endring ikkje bryt med dei grunnprinsippa partiet alltid har styret etter. Men eg ser ikkje bort får at forslaget kan få oppslutnad, seier Lode.

Her er forslaget:

Dette er forslaget til endrede paragrafer som et enstemmig sentralstyre har sluttet seg til:

§1 KrFs formål er å fremme en kristendemokratisk politikk bygget på det kristne menneskesynet, nestekjærligheten og forvalteransvaret. KrFs verdigrunnlag er hentet fra Bibelen, den kristne kulturarven og grunnleggende menneskerettigheter.

§2 Alle tillitsvalgte og folkevalgte for KrF er forpliktet på og skal arbeide for partiets kristne verdigrunnlag slik det er definert i §1.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter