Nyheter

Terrorekspert: Ver merksam på unge som strevar

Politiet kan ikkje finne alle som står i fare for å forsvinne inn i radikaliserte miljø.

– Difor må du bry deg, seier statssekretær Laila Bokhari (H).

Unge som fell utanfor skule, fritidsaktivitetar og ­arbeidsliv kan lettare bli radikaliserte og kome inn i miljø ­prega av ­valdeleg ekstremisme. ­Bokhari ber alle og ein kvar vere ­merksame på unge som strevar med å finne fast fotfeste.

– Det å høyre til ein stad er viktig for alle. Unge må ­oppleve at dei blir sett og inkludert.

LES MER: Regjeringen blar opp for å hindre religiøs ekstremisme

Då Erna Solberg flytta inn på Statsministerens kontor (SMK) i oktober oppretta ho eit ­nasjonalt beredskaps- og trygg­ingselement ved SMK. Med bakgrunn som terrorforskar fekk Bokhari eit særskilt ansvar for tryggings- og beredskapssaker.

LES MER: Slik oppdager du om en person er radikalisert

Politiet finn ikkje alle. No ­minnar Bokhari nordmenn på at politiet ikkje kan finne alle som står i fare for å forsvinne inn i radikaliserte miljø som kan bli farlege.

– Du må bry deg. Vi vil ikkje ha eit politi som med overvaking klarar å finne alle som er villige til å ty til valdeleg ekstremisme.

Bokharis bodskap er den same som Politiets tryggingsteneste (PST) kom med i 22. juli-evalueringa i 2012:

– Vi meiner at vi ikkje kunne overvaka oss frem til å finne (Anders Behring, red. anm.) Breivik. Andre samfunnsmekanismar skulle kome inn på eit tidlig tidspunkt, når vi snakkar om å oppdra våre barn, skular og å bry oss om naboane. Vi er ledd i ei kjede, men tru ikkje at overvaking er vegen å gå, sa fungerande PST-sjef Roger Berg.

Manglar fotfeste. Vårt Land har denne veka fortalt om ­unge menneske – både etnisk norske konvertittar og unge med minoritetsbakgrunn – som blir trekte mot islamittiske miljø som er sterkt radikaliserte og som er villige til å ty til valdeleg ekstremisme. Opp mot 50 nordmenn har reist eller i ­Syria og Irak for å kjempe saman med den ytterleggåande gruppa ISIL, og rundt åtte nordmenn har mista livet i borgarkrigen i ­Syria, fortel PST.

I ein fersk analyse av det PST kallar «framandkrigarar» seier tryggingstenesta at «denne gruppen kjennetegnes av at de har hatt problemer med å finne sin plass i samfunnet siden ungdomstiden.»

PST seier vidare at «svak tilknytning til samfunnet for øvrig kan imidlertid føre til en manglende følelse av tilhørighet, som i sin tur kan være medvirkende til at personer søker status og identitet i slike ekstreme miljøer.»

Må drive førebygging. Statssekretær Laila Bokhari støttar PST-analysen fullt ut:

– Difor er det viktig at kvarmann bryr seg. Saman med foreldre, skulen, frivilligarbeidet, helsevesenet, religiøse miljø og barnevernet kan vi alle vere med å førebyggje radikalisering og ekstremisme. Den nye handlingsplanen mot radikalisering og valdeleg ekstremisme går difor breitt ut, og foreslår 30 konkrete tiltak.

LES MER OM RADIKALISERING I NORGE:

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter