Forfattaren Håvard Rem vekte oppsikt med talen sin til dei borgarlege konfirmantene på Notodden sist laurdag. «Det er lov å hate»,var tittelen då talen vart attgjeven som kronikk i Aftenposten søndag 8. mai. Det var skarp religionskritikk - han sa det er lov å hate religion og overtru og brukte Albert Schweitzer som førebilete: Schweitzer brukte forskinga til folk som hata Gud i si eiga forsking.