Nyheter

Storberget: Må lære av Holocaust - og bry oss

Ung jøde tek opp arven etter tidsvitna frå Auschwitz.

- Vi må halde minnet om Holocaust levande, sa justisminister Knut Storberget då han onsdag ettermiddag tala under markeringa av den internasjonale Holocaust-dagen på Akershuskaia i Oslo.

Auschwitz. Minnedagen vart halden på årsdagen for då allierte styrkar sette fri utryddingsleiren Auschwitz 27. januar 1945. Dei nazistiske overgrepa i dødsmaskineriet heldt fram andre stader etter denne dagen. Men Auschwitz er blitt så sterkt symbolet på Holocaust at dagen er valt for den internasjonale markeringa.

Minnesmerke. I Oslo vert markeringa halden ved minnesmerket på Akershuskaia der troppeskipet Donau la frå kai 26. november 1942 med over 500 norske jødar ombord, på veg til Auschwitz. Den siste av dei som framleis lever, Samuel Steinmann, var til stades under markeringa i år.

LES OGSÅ:

Siste fange fra Auschwitz

Til stades var også nokre andre overlevande som har komme hit etter krigen. Men dei aller fleste av dei som overlevde, er no gått bort.

Ung etterkomarar. Yvonne Savosnick er barnebarn av Robert Savosnick som overlevde Holocaust. Han var hennar morfar og er gått bort. Han skreiv boka «Jeg ville ikke dø» om korleis han overlevde dødsleiren.

På talarstolen på Akershuskaia stod den unge jenta, dagens leiar i Jødisk studentforening: Ho sa at vi er over i ein ny epoke der etterkommarane etter tidsvitna, etterkomarane etter dei som overlevde, må overta jobben med å fortelje for å halde minnet levande.

- Eg lovar dykk at vi skal gjere dette, sa ho til dei få i forsamlinga som kjende på kroppen og sinnet kva Auschwitz var for noko.

Teikneserie. Berit Reisel som er leiar i styret for HL-senteret (Holocaust-senteret) i Villa Grande på Bygdøy, leia arrangementet. HL-senteret lanserte i dag også eit teikneseriealbum om det norske Holocaust.

Disimmilis. I tråd med HL-senteret si linje at Holocaust skal setjast i samanheng med forsøk på utrydding av andre minoritetar, hadde arrangørane invitert Gry Lillian Nilsen frå Disimmilis til å synge. Nazistane gjennomførte systematisk utrydding av handikappa, fyrst i dei sokalla T4-programma, deretter på andre måtar etter at desse programma vart stogga i 1941.

Jan Jansen frå Karoli-familien i Rom-folket talte også: Far hans overlevde dødsleir, men mista mange av sine slektningar slik at Jan Jansen ikkje fekk oppleve sine besteforeldre.

Den norske regjeringa vedtok i 2001 at Den internasjonale Holocaust-dagen skal markerast i skular og offentlege bygningar.

I sin tale la Storberget vekt på å halde minnet levande, mellom anna ved at regjeringa for eit par år sidan støtta vedlikehaldet i Auschwitz med to millionar, men også om at vi må bry oss i dag. Han snakka om utfordringa som ligg i at jødiske barnehagebarn må passere betongblokker og skotsikkert glas for å komme i barnehagen. Og han kom med fleire aktualiseringar:

Frys ihel. Han snakka om at «folk frys ihel utan at nokon bryr seg» og han henta eit døme frå idretten der omsynet til seg sjølv går framom fellesskapet:

- Vi ser at sponsing og eigen trenar går framom fellesskapet, sa Storberget.

I London utfordra den anglikanske erkebiskopen Rowan Williams oss til å lære ei lekse av Holocaust ved å verdsetje andre menneske, fortel Christian Today.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter