Nyheter

Stoppar elevar frå å slutte

Motivasjonsgrupper får elevar med lyst til å slutte på andre tankar.

Dei slit med å få vener blant medelevar. Dei slit med å få sosial kontakt med lærarar. Resultat: Dei sluttar på vidaregåande, fortalde Vårt Land tysdag.

Einsame elevar fell ut av vidaregåande. Kor mange dei er kan vi ikkje seie ut frå vår forsking. Men dei utgjer ei betydeleg gruppe, som skulen må bli meir merksame på, meiner professor Per Frostad ved NTNU som har funne fram til dei einsame elevane i ein fersk studie.

– Skulane må få miljøarbeidarar, lyder eit sentralt krav frå Elevorganisasjonen. I mange fylke har dei vidaregåande skulane miljøarbeidarar. Kva arbeidsoppgåver dei har, kva kompetansekrav som blir stilt til dei, varierer frå skule til skule.

LES MEIR: Iqra Mahboob har hatt mange friminutt åleine

Utvikla verktøy

På Sandefjord videregående skole, som er Norges største vidaregåande med 2.100 elevar, har miljøarbeidarane Dennis Zimmer og Stine Gunn Konglevoll funne fram til eit verktøy dei brukar med hell for å stoppe elevar som slit frå å slutte.

– Motivasjonsgrupper, forklarar Zimmer.

– I kvar gruppe er det plass til åtte elevar. I fleire år har vi hatt tilbodet på helse og oppvekst på yrkesfag, i år også på studiespesialisering og idrett.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Måler motivasjon

Fram til juleferien har motivasjonsgruppene møte kvar veke. Fram til sommarferien er det møte kvar andre veke.

– Korleis finn elevane fram til desse gruppene?

– Vi presenterer ordninga ved skulestart, for vi veit at kvar haust startar det alltid nokon som ikkje er motiverte, seier Zimmer, og held fram:

– Nokre elevar melder seg sjølve, andre blir med etter vegleiing frå rådgjevarar og nokre blir identifiserte av lærarar og oss miljøarbeidarar.

Kort fortalt har samlingane svært fast karakter: Elevane startar med å fortelje korleis dei har hatt det sidan siste møte ved å bruke ein skala som går frå 1 til 10. Dei skal både seie korleis dei har hatt det på skulen og på fritida. 10 er toppskår.

– Så startar vi samtalen – dei med lågaste skår er først. Vi søkjer å svare på «kvifor», og så snakke om kva som kan gjerast for å heve skåren, fortel Zimmer.

– Dette arbeidet har stoppa elevar frå å gå ut porten for godt?

– Ja, seier barnevernspedagogen Zimmer som har jobba 12 år på Sandefjord-skulen.

LES OGSÅ: «Elevar må bry seg»

To utfordringar

Kvart skuleår møter Zimmer elevar som fortel at dei er ganske så einsame på skulen.

– I fleire tilfelle byrjar dei vidaregåande med ein mobbehistorie i bagasjen. Dermed er dei særs sårbare når dei skal prøve å etablere eit sosialt nettverk på skulen.

– Kva gjer de i møte med desse elevane?

– Vi har samtalar i klassane. Eg utfordrar både den store gruppa med elevar som har vener og nettverk og dei som kjenner seg einsame. Enkelt sagt handlar det om at den store gruppa må opne opp for dei som står utanfor, og desse må våge å søkje inn mot gruppa, våge å utfordre seg sjølve til å ta kontakt.

LES OGSÅ: Tenåringsjenter mest ensomme

Får takk

– Kva reaksjonar får du på denne metoden?

– Det er elevar som seier «tusen takk for at du utfordra meg», seier Zimmer.

Han meiner vidaregåande skular som brukar pengar på å byggje opp kompetanse på miljøarbeid, med eigne medarbeidarar, får mykje att når det kjem til det å skape trivsel og gode skulemiljø.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter