Nyheter

Stel dei fattiges sandstrender

Sand er så etterspurt i byggjeindustrien at sandstrender i fattige land blir stolne. Kystlandsbyar utan sandvern blir ete opp av havet.

Byggjeboomen i særleg Asia og Latin-Amerika etterspør ei finkorna råvare: Sand.Men det er ikkje nok byggjesand til sals på den legale marknaden. Difor er sandtjuveri blitt ei attraktiv næring. Resultatet er langstrakte, opne sår i kystlandskap i særleg fattige land, lyder alarmvarselet frå UNEP, FNs miljøvernorganisasjon.

– Vi snakkar om alvorleg miljøkriminalitet, seier rådgjevar Fredrik Myhre i Verdens naturfond (WWF) til Vårt Land.

Sandtjuveria har alvorlege konsekvensar for både menneske og dyr. Havet forsyner seg av landsbyar og natur som tidlegare låg i ly bak sandbankar. UNEP fortel at sandtjuveria er synlege i land som Kapp Verde, Jamaica, Indonesia og Marokko. Landskapet sandtjuvane etterlet seg er fæle, seier Robert Young til Spiegel.de. Han er kystforskar ved Western Carolina University:

– Vi snakkar om stygge, milelange månelandskap der ingenting kan vekse lenger.

Skilpadder døyr

Når entreprenørar skal blande betong til nye skyskraparar, treng dei seks-sju tonn sand og grus for kvart tonn med sement dei kastar i blandemaskinane. Sand og grus er også sterkt etterspurt i asfaltindustrien. UNEP har rekna ut at verda forbrukar svimlande 40 milliardar tonn sand og grus årleg – og at 30 milliardar tonn sand går med til å lage betong. Problemet er, seier UNEP, at styresmakter overser miljøkonsekvensane av sandutvinning – og at kvarmann er uvitande om omfanget.

– Ta øystaten Kapp Verde. Her kan sandtjuveri øydeleggje viktige område for verdas tredje største bestand av den sterkt utryddingstrua havskilpadda glattkarett. Når sand forsvinn mistar dei miljøet dei legg egg i, fortel Myhre i WWF.

LES OGSÅ: – Næringslivet har kuppet klimaet

Steinete landskap

Den ni øyar store vestafrikanske nasjonen Kapp Verde er rik på sand. Her forsvinn strender bøtte for bøtte. Lastebåt etter lastebåt stevnar ut med fulle sandtankar. I kystbyen Ribeira da Barca vest på øya Santiago ser dei konsekvensane.

– Ein dag kollapsa eit av husa, fortel Jeronimo Oliveira til Spiegel.de.

Stranda i byen var ein gong dekt av sand. No slår sjøen heilt inn til husa. Sanden som verna landsbyen fungerte som dike mot Atlanterhavet. No et havet opp fundamenta til husa. Oliveira seier fleire hus vil rase ut.Marokko ligg også vest i Afrika og er som Kapp Verde rik på kvalitetssand. UNEP karakteriserer den 120 kilometer lang kysten mellom byane Safi og Essouira som «eit steinete landskap» etter at sandtjuvar har stukke av med stranda.

Ulovleg handel

Miljøorganisasjonen Global Witness har som geologen Harald Dill ved universitetet i Hannover følgt sandbåtar frå fattige land i Asia til øystaten Singapore, som har utvida landet med 22 prosent dei siste 50 åra. Global Witness fortel at Singapore har brukt illegal sand frå land som Vietnam, Indonesia og Malaysia. Dill seier «små bystatar har ein tendens til å grave vekk kysten til veikare statar».UNEP fortel at 24 sandøyar i Indonesia forsvann då Singapore handla sand, og at differansen mellom Singapores sandimport og sandeksporten frå fire naboland kan forklarast med illegal sandhandel.

Ubrukeleg ørkensand

Oljestaten Dubai er storkonsument. Berre til bygginga av gigantprosjekta Palm Island - ei sandpalme i havet – og The World - sandøyar forma som eit verdskart – gjekk det med 935 millionar tonn sand. Dessverre for emiratet kunne dei ikkje bruke sand frå den arabiske halvøya – som er dekt av sanddyner. Ørkensanden er nemleg av slett kvalitet. Han inneheld nemleg for mykje kalk, leire og jernoksid. Difor er det mangel på byggjesand i på den arabiske halvøya. Dubais løysing blei storstilt import frå Australia.

Norge sjølvforsynt

Administrerande direktør Øyvind Skarholt i Byggevareindustrien seier til Vårt Land at det er «svært lite sannsynleg» at stolen strandsand endar opp i norske bygg.

– Vi har til no brukt norsk natursand. Reguleringa på uttak, som er i kjømda, fører til at vi i Norge vil knuse stein til byggjesand framfor å importere sand.

– Men er det importsand i norsk bygg?

– Volumet er svært lite, seier Skarholt, som tykkjer det er ille at sand er blitt ei illegal handelsvare.

LES OGSÅ: Verdens villmarksliv halvert siden 1970

Går tome

Den globale støvsuginga av verdas sandkjelder – både den legale og illegale – får UNEP til å åtvare: Sand er sjeldnare enn ein trur. Robert Young ved Western Carolina University seier det slik:

– Er vi ikkje forsiktige, vil vi gå tome for sand.

Fredrik Myhre i WWF seier problemet med sandtjuveri er utfordrande då ein manglar nasjonal vilje til å stoppe den illegale sandhandelen i fleire land.

– Styresmakter vil ikkje sjå kva som skjer.

Følg oss på Facebook og Twitter

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter