Nyheter

Statoil putter oljemilliardar inn i diktatur

I korrupte Angola lever halvparten av befolkninga i fornedrande fattigdom. Statoil betalte i fjor 33 milliardar kroner til landet for å få pumpe opp olje.

«Angola er en viktig byggestein for Statoils internasjonale produksjonsvekst. 

Vi har vært i landet i nesten 20 år, og er nå partner i syv produserende felt som bidrar med om lag 170.000 fat egenproduksjon per dag til porteføljen vår.»

Slik presenterer halvstatlege Statoil landet Angola. I fjor leverte det afrikanske landet dei største utanlandsinntektene til Statoil; 21,3 milliardar kroner. I dag er det generalforsamling i selskapet der staten eig 67 prosent av aksjane.

VÅRT LAND MENER: Statoil lukker øynene

Fest for få. Angola er eit afrikansk oljeeventyr. Men langt frå alle angolanarar får ta del i festen. På den eine sida er landet Afrikas nest største oljeprodusent, med ein sterkt veksande økonomi. På den andre sida lever halvparten av 20 millionar innbyggjarar under fattigdomsgrensa, som er definert til 1,25 dollar dagen av FN.

Angola har faktisk ein av verdas raskast veksande økonomiar, fortel Verdsbanken. Forklaringa finn du på dei særs rike oljefelta utanfor kysten, som blei oppdaga av dei portugisiske koloniherrane i 50- og 60-åra.

I dag utgjer oljeinntektene over 50 prosent av Angolas BNP, 90 prosent av eksportinntektene og over 80 prosent av statsinntektene.

Familiedrive diktatur. Men kritikken mot regimet som har styrt landet i over 30 år, er sterk:

Angola må reknast som eit familiedrive diktatur, meiner Angola-kjennar Inge Amundsen, som er forskar ved Chr. Michelsens Institutt (CMI). Angolas sterke mann heiter Jose Dos Santos. Han har vore statsleiar sidan 1979. Dos Santos-familien er blant landets rikaste familiar.

Korrupsjon er hovudårsaka til fattigdommen og dei sosiale problema i Angola, meiner korrupsjonsforskar og Angola-kjennar Tina Søreide ved Universitetet i Bergen (UiB).

Kostar kroner. På dagens generalforsamling får aksjonærane vite at i fjor betalte Statoil ut 3,1 milliardar kroner i såkalla signaturbonusar til angolanske styresmakter for å vere operatør på to blokker og partnar på tre.

Desse bonusane har ei omstridt historie. Under borgarkrigen i Angola, 1975-2002, var signaturbonusar med på å finansiere regjeringspartiet MPLAs årelange kamp mot opprørarane i Unita, som på si side hadde gode inntekter frå diamantsal.

Oljeselskap som ville ta del i det angolanske oljeeventyret måtte ut med signaturbonusar til regimet til dagens president, Jose Dos Santos. Først dei tre siste åra har Statoil fortalt kor mykje dei betalar i årleg bonus. 3,1 milliardar kroner i fjor, melder bærekraftrapporten for 2012.

Men korkje nordmenn eller angolanarar veit kvar desse bonuskronene endar, utfordrar Maren Sæbø, redaktør i Verdenmagasinet X.

– Har Statoil betalt for underhald av presidentfamilien? spør ho i en kommentar i bladet.

Dårlege kår. Alt er ikkje som det skal i Angola. Det svarte gullet har ikkje gjort livet mykje betre for den jevne angolanar:

• Angola tilbyr dårlege levekår. På den årlege indeksen til FNs utviklingsfond (UNDP) kjem Angola alltid langt ned. På den siste enda landet på 148. plass blant 186 vurderte land. I Angola blir 1 av 5 barn ikkje eldre enn 5 år. Forventa levealder er knappe 51 år.

• Angola er heimsøkt av korrupsjon. På den årlege indeksen til Transparency International kjem Angola alltid langt ned på lista. I fjor enda Angola på 157. plass av 174 vurderte land.

Frå 2007 til 2010 forsvann 32 milliardar dollar - om lag 180 milliardar kroner - frå landets statskasse, har Det internasjonale pengefondet avdekt.

– Både parlament og byråkratiet i landet er spel for galleriet, seier CMI-forskar Inge Amundsen til avisa Dag og Tid.

– Det er først og fremst olja som er årsak til at landet i dag er rangert som verdas 17. mest korrupte land. Det demokratiske systemet er nærast sett ut av spel, seier UiB-forskar Tina Søreide til magasinet Hubro.

Spør ikkje om pengebruken. Statoil betalte i fjor 281 millionar kroner til kontraktsfesta, sosiale program i Angola. Delar av summen er betalt inn til eit forskingssenter som blir drive av den angolanske statsoljeselskapet Sonangol.

– Har representantar frå Statoil fysisk sett dette senteret?

– Det er angolanske styresmakter som har bedt om at ein del av signaturbonusane blir øyremerka dette senteret. Men spørsmål om senteret må rettast til Sonangol, seier informasjonssjef Bård Glad Pedersen i Statoil til Vårt Land.

Organisasjonen Global Witness har prøvd å finne dette senteret. Det same har Verdenmagasinet X, utan å lukkast.

Glad Pedersen opplyser at Statoil ikkje kan krevje innsyn i korleis angolanske styresmakter brukar milliardane dei får frå det norske oljeselskapet.

– Derfor kan vi ikkje etterøkje korleis den angolanske staten til dømes disponerer signaturbonusane frå Statoil, seier han og legg til:

– Men vi har nulltoleranse andsynes korrupsjon. Difor rapporterer Statoil kor mykje som blir brukt på signaturbonusar.

I fjor betalte Statoil ut total 9 milliardar kroner i slike bonusar; 3 milliardar i Angola og 6 milliardar i USA.

På spørsmål om Statoil bør operere i land som ligg langt oppe på internasjonale korrupsjonsindeksar, svarar Glad Pedersen:

– Det er eit politisk spørsmål.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter