Nyheter

Skålar for betre flyplassar

Jo meir tax free nordmenn kjøper, dess betre blir flytilbodet i distrikta. Takka vere sildrande alkoholinntekter skal to flyplassar i Nordland bli utbetra neste år.

– Eg ligg ikkje vaken om natta og tenkjer på at Nordland får eit betre flytilbod fordi tax free-inntektene til Avinor aukar, seier regiondirektør Ivar Kristiansen i NHO Nordland. Fram til valet var han stortingsrepresentant for Høgre.

NHO-direktøren arbeider for å styrkje flytilbodet til både næringslivet og kvarmann. Difor gler han seg over at Avinors inntekter stig - mellom anna frå tax free-salet av alkohol på dei største flyplassane i Norge. Neste år skal nokre av millionane brukast i Nordland:

«Avinor har lagt opp til å forlengje rullebanen ved Sandnessjøen lufthamn, Stokka og Stokmarknes lufthamn, Skagen i 2014», melder Samferdselsdepartementet i den siste stortingsmeldinga om Verksemda til Avinor.

I Actis - rusfeltets samarbeidsorgan er generalsekretær Anne-Karin Kolstad oppgitt over haldninga til NHO-direktøren:

– Vi kan ikkje ha det slik at statleg Avinor må selje meir tax free-alkohol for å kunne gje Distrikst-Norge betre flytilbod.

LES OGSÅ: Rusforsker ber ungdom slappe av og drikke litt

Mange underskot. Nordmenn vil stadig oftare ut i verda. Til London, Los Angeles eller Lima. På flyreisene ut av Norge - og på heimvegen - sit pengane laust. Difor stig inntektene til Avinor, det heilstatlege luftfartsselskapet som driftar 46 flyplassar i Norge. I fjor hadde statsselskapet eit resultat på 1,3 milliardar kroner før skatt.

Overskota blir mellom anna omfordelt til å halde opp eit godt kortbanenett på Vestlandet, i Trøndelag og Nord-Norge. Av 46 flyplassar går rundt 40 med underskot.

Framleis tener Avinor mest på trafikkinntekter, avgiftene flyselskapa betalar for å bruke flyplassane. Men dei kommersielle inntekter stig markant. Bak denne kategorien finn vi hotell, parkering, servering og butikkdrift. Tala er høvesvis 4,9 og 4,2 milliardar kroner i 2012.

På Sola ved Stavanger tener Avinor mest på parkering, pizzasal, kremar og konjakk. Den lokale leiing trur at statlege avgifter blir liggjande på dagens nivå mens dei kommersielle inntektene stig vidare oppover. Det same trur konsulentselskapet EY - tidlegare Ernest&Young. I fjor leverte det ei verdivurdering av Avinor som mellom anna sa at «salgs- og leieinntekter representerer en betydelig og fortsatt økende andel av totale inntekter».

LES OGSÅ: Polet selger mindre enn før

Milliardbutikk. Selskapet Travel Retail Norway (TRN) har i dag avtale med Avinor om å selje tax free-varer frå seks utsal på fem flyplassar i Norge. Og salet har verkeleg luft under vengene. På fire år har TRN auka omsetjinga med 1 milliard kroner, frå 3,1 milliardar i 2008 til 4,1 milliardar i fjor. Dei to utsala på Gardermoen er selskapets pengemaskinar.

Bak Travel Retail Norway står tyske Heinemann - som driv tax free-sal på 25 flyplassar i Europa, det nordiske investeringsfondet FSN Capital og den norske helsekostgründeren Terje Stykket. I åra 2008-2012 hadde TRN eit samla resultat på 1,3 milliardar kroner før skatt.

LES OGSÅ: Blåblå bombe under vinmonopolet

Til Polet. Actis meiner det er uheldig at Distrikts-Norge får betre flytilbod fordi tax free-salet av alkohol boblar over, og at det er tre private aktørar som skummar store overskot.

– Difor bør statlege Vinmonopolet overta alkoholsalet på flyplassane, og statskassa bør få inntektene. Avinor bør få sine midlar over statsbudsjettet, meiner generalsekretær Kolstad.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter