Nyheter

Sjefsbiskop krev asylsamtalar med regjeringa

Den norske kyrkja ønskjer ikkje å føre kyrkjeasylsamtalane med Politidirektoratet. Kyrkjeleiinga vil møte regjeringa.

– For kyrkja er det naturleg at vi møter politisk leiing, og ikkje representantar frå politiet, seier sjefsbiskop Helga Haugland Byfuglien til Vårt Land.

Vel to månader etter at den blåblå regjeringa overtok departementskontora varslar justisminister Anders Anundsen (Frp) at tolmodet med kyrkjeasyl er over. Innan jul neste år ønskjer han ein avtale som gjer slutt på kyrkjeasyl. Jobben skal gjerast av Politidirektoratet (POD).

«Justis- og beredskapsdepartementet legger til grunn at det tas initiativ til dialog med Kirken i løpet av 2014 med sikte på å finne en felles løsning med Kirken som bidrar til at vi julen 2014 ikke lenger har personer med utreiseplikt som har tatt bolig i norske kirker», skriv departementet i eit brev til POD.

LES OGSÅ: Biskop: Kirkerommet er barmhjertighetens rom

Stiller krav. Kven Justisdepartementet siktar til når dei skriv «Kirken» er ikkje klart, men Norges største kyrkjesamfunn er klare til å starte kyrkjeasylsamtalar. På visse vilkår.

– Vi forventar dialog med politiske styresmakter og ikkje politiet. Det er med politisk leiing at vi kan finne fram til gode løysingar, seier Haugland Byfuglien.

– Betyr dette at de vil kontakte Justisdepartementet og fremje dette synspunktet no ganske raskt?

– Vi ser fram til dialogen, meir konkret kan eg ikkje vere. Vi har ikkje hatt tid til å handsame utspelet frå justisministeren.

LES OGSÅ: Kirken er ikke mer hellig enn en do

Ikkje løfte. Norges Kristne Råd (NKR) er den paraplyorganisasjonen som femner vidast i Kyrkje-Norge - 19 kyrkjesamfunn er medlem i NKR. Rådet er avventande til samtalene Justisdepartementet ønskjer at politiet startar over nyttår.

LES OGSÅ: Justisministeren ber politidirektøren få slutt på kirkeasyl

– Vi veit ikkje kva som skjer i 2014 både politisk og globalt. Vi er glade for at regjeringa gjev juleamnesti i år, men ikkje for at vi må gje eit løfte for 2014, sa styrenestleiar i NKR, Terje Aadne, til Vårt Land på torsdag.

BLI MED I DEBATTEN: «Det finnes ingen kirkelig instans som kan avskaffe kirkeasyl. Dersom regjeringen vil ha slutt på det, må den selv ta belastningen ved å sende politiet inn», skriver Erling Rimehaug. Hva mener du?

Han som justisminister Anundsen meiner skal ta intiativet til kyrkjeasyldialogen, politidirektør Odd Reidar Humlegård, ønskte i går ikkje å kommentere saka.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter