Nyheter

Ser du skilnaden på desse bileta?

Angela Merkel vart for sterk kost for jødisk avis.

Førre søndag marsjerte mange av verdas øvste leiarar, hand i hand, gjennom gatene i Paris, for å vise sin solidaritet til ofra for terrorhandlingane mot satiremagasinet Charlie Hebdo og gisselaksjonen i den jødiske butikken.

I fremste rekke ser vi Frankrikes president Francois Hollande, med blant andre Angela Merkel ved si side.

LES OGSÅ: Markeringen mot terror i Paris

Fjerna kvinner

Men det fekk ikkje lesarane til den vesle jødiske, ultraortodokse avisa Hamevaser sjå. Avisa fjerna nemleg alle kvinnene på biletet. Dermed ser det ut som den franske presidenten står saman med Mahmoud Abbas, presidenten i Palestina.

Israelsk media har spøkefullt påpeika at det vart gjort for å bringe Abbas nærare den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu, som stod litt lenger borte. Det skriv den britiske avisa The Guardian.

LES OGSÅ: «Charlie og ytringsfriheten»

Vil skjerme barn

Det var ikkje Merkel som blei fjerna av den jødiske avisa. EUs utanrikspolitiske sjef, italienske Federica Mogherini, og ordføraren i Paris, Anne Hidalgo, forsvann også sporlaust frå biletet.

Benjamin Lipkin, redaktør for Hamevaser, seier at avisa hans må vere passande for alle, også små barn.

– Ein åtteåring kan ikkje sjå det eg ikkje vil han skal sjå, sa han til den israelske fjernsynskanalen Kanal 10, ifølgje The Guardian.

– Sjølv om eit bilete av Angela Merkel ikkje kan øydelegge barnet, så må eg sette grensa ein plass.

LES OGSÅ: «Den farlige latteren»

– Vanærar martyrane

Lipkin ynskjer ikkje å sverte minnet til dei som blei drepne i angrepet, seier han.

– Å inkludere eit bilete av ei kvinne i noko så heilagt er, sånn som vi ser det, noko som kan føre vanære over minnet til martyrane.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Satireavis svarar

Mange har merka seg Hamevaser sin vri på Paris-marsjen. Det retusjerte har blitt delt mykje på sosiale media.

Også den satiriske irske nettstaden Waterford Whispers News har fått det med seg – og laga sin eigen vri. 13. januar la dei også ut eit bilete frå marsjen på Twitter, fritt for menn. I ei tom gate står Angela Merkel, Federica Mogherini og Anne Hidalgo heilt einsame att, med overskrifta: Breaking news – Feministavis fjernar mannlege leiarar frå Paris-marsj.

Innlegget har blitt delt over 1,600 gongar.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter