Nyheter

Ristar i kongeleg skuleforklaring

Kronprinsparet sender ut politisk signal om at den offentlege skulen ikkje er god nok for Norges framtidige dronning.

Analysen kjem frå Marte Mangset som forskar på norske elitar. I går forklarte kronprins Haakon kvifor prinsesse Ingrid Alexandra og prins Sverre Magnus skal byrje på privatskular til hausten – ho på Oslo International School (OIS) på Bekkestua i Bærum og han på Montessoriskolen i Oslo.

– Våre barn har hatt gode år på skulane dei har gått på, men vi har likevel kome fram til dette fordi det er til det beste for barna no, seier kronprinsen til VG.

Mangset meiner kronprinsen her argumenterer som om han er ein privatperson, som ein forelder flest.

– Men han er jo ikkje ein heilt vanleg forelder. Som kronprins har han nødvendigvis ei politisk rolle. Han sender ut viktige politiske signal om den offentlege skulen, den for folk flest, seier Mangset til Vårt Land. Ho er postdoktor ved Høgskulen i Oslo og Akershus (HIOA).

LES KRISTIN CLEMET PÅ VERDIDEBATT: Kronprinsparets valg

Tydeleg nedgradering. – Kva er det kronprinsen seier?

– Han seier ikkje rett ut at den offentlege skulen barna gjekk på var for dårleg, men kjem med ei tydeleg nedgradering av denne skulen og ei like tydeleg oppgradering av skulane barna skal begynne på.

Kommunikasjonssjef Marianne Hagen ved Slottet opplyser at ved å starte på OIS får prinsesse Ingrid Alexandra ein grunnleggjande kompetanse i å tenkje og snakke på engelsk.

LES OGSÅ: Kongehusets symbolfunksjon

Fleire privatskular. Mangset finn det svært interessant at kronprinsparet går ut med skuleskiftet samstundes som Solberg-regjeringa har fått på plass første vedtak i arbeidet med å liberalisere privatskulelova. Sist torsdag vedtok Stortinget å gjere det enklare å starte andre privatskular enn dei som er tufta på livssyn og alternativt pedagogikk.

– Kronprinsparets skuleval kan bidra til å gjere det meir akseptabelt at dei med meir ressursar går på andre skuler enn folk flest, meiner Mangset.

OIS fortel at ein skuleplass kostar nesten 100.000 kroner i året for ein norsk statsborgar og 187.500 for ein utanlands statsborgar. Sju av ti elevar på OIS tilhøyrer den siste gruppa.

I 2010 tok kronprinsparet barna ut av skulen og reiste på ei to månader lang «danningsferd» midt i skuleåret sjølv om mange pedagogar åtvara mot det lange fråveret frå undervisninga.

LES OGSÅ: Kronprinsen: Det har vært et vanskelig valg for oss

Privilegert familie. – Er kronprinsparets skuleval døme på at det egalitære Norge forvitrar?

– Både ja og nei. Når nordmenn blir spurt om synet på likskap, viser svara at alt for mange trur at Norge framleis er eit likskapssamfunn. Svenskar er til dømes langt meir viljuge til å vedgå at dei lever i eit samfunn med store skilnader. På den andre sida er nok kronprinsparets skulevalg eit teikn på at dei oppfattar at det er større aksept i befolkninga for at barna går på eliteskuler enn da Haakon og Märtha vaks opp, seier Mangset.

– Er det det?

– Absolutt ja. Ein kongefamilie som ikkje er priviligert er ikkje ein kongefamilie.

Kronprins Haakon seier til VG at han og kronprinsesse Mette-Marit forstår at « folk har meiningar om valet vårt».

– Dette har vore ei vanskeleg avveging for oss.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter