Nyheter

Rike menn lystne på sundagsope

Kjøpesenterkjeder ønskjer sundagsope. 
Norges rikaste vil tene på at kviledagen blir handledag.

– Dersom talet på handledagar blir utvida til sju, vil handelen under eit ikkje tene meir pengar. Dagens omsetjing vil bare bli fordelt på sju dagar, ikkje seks som no. Men ein stor aktør vil likevel tene på at regjeringa opnar for sundagshandel – og det er dei største kjøpesenterkjedene, forklarar Odd Gisholt til Vårt Land. Han er fagansvarleg for varehandel på Handelshøyskolen BI.

Mange er mot sundagshandel; arbeidstakarane, arbeidsgjevarane, kyrkja, stortingsopposisjonen – og folket. Vel seks av ti sa nei i ei meiningsmåling rett før årsskiftet.

Men nokre er for; Norges tre største kjøpesenterkjeder. Olav Thon Gruppen og Steen & Strøm er for, stadfestar dei til Vårt Land. Sektor Gruppen er for, melder VG.

Medan Steen & Strøm har utanlandske eigarar, er dei to andre eigd av Norges rikaste menn. Norgesgruppen-eigar Johan Johannson, Dressmann-brørne Petter og Marius Varner, og hotelleigar Petter Stordalen styrer Sektor medan Olav Thon eig gruppa som ber hans namn.

LES OGSÅ: Widvey vil ikke utrede søndagsåpent

Thons politikk

– Dersom Thon går føre vil andre følgje ­etter, seier dagleg leiar Thor Bareksten­ i kjøpesenterkjeda Steen & Strøm.

– Vi er prinsipielt for sundagsopne butikkar, seier Thomas Rønning, eigedomsdirektør for kjøpesenter i Olav Thon Gruppen.

Høgres kulturminister Thorhild Widvey, som er opningstidsminister, presenterte for snart to månader sidan ei lovendring utan å leggje fram eit lovendringsforslag. Detaljane i Solberg-regjeringas oppmjuking «kjem snart».

Thon heiar fram

Forslaget om å opne for sundagsopne butikkar er tufta på regjeringserklæringa: «(...) vil tillate butikker å holde åpent på søndager.»

Dette er ein politikk som eigaren av Olav Thon Gruppen heiar fram. Få dagar før stortingsvalet i 2013 rykka eigedomsmagnaten Olav Thon inn annonser i fleire riksaviser der han fortalde kva parti som skulle få hans stemme:

«Jeg stemmer Fremskrittspartiet fordi:» byrja Thon i annonser i VG, Dagbladet og Aftenposten­ – og følgde opp med ei rekkje­ grunnar, blant anna at Frp «gjør det lettere for Høyre å føre høyre­politikk». No leverer Widvey og regjeringa ein ny sundagspolitikk.

I Olav Thon Gruppen forklarar Thomas Rønning, eigedom­sdirektør for kjøpesenter, kvar dei står i dag:

– Vi ønskjer likebehandling. I dag kan bare butikkar med ein viss storleik halde oppe, dei ­såkalte brustadbuene, og i mange­ kommunar har butikkar oppe fordi dei ligg på såkalla ­turiststadar, seier han.

LES OGSÅ: KrF: «Tynn suppe» om søndager

Mange norske kundar

– Men dersom regjeringas forslag går gjennom og det blir opna for sundagsopne butikkar, vil de halde kjøpesentra dykkar oppe?

– Det vil vi vurdere. Sundagsope vil vere mest aktuelt for dei største sentra våra. Vi ser frå Sverige at sundag er ein utmerka handledag. Vi driv tre senter langs grensa, og her er det mange norske kundar på sundagar, opplyser Rønning.

Steen & Strøm er Nores tredje største kjede med 14 senter. Her skjelar dei sterkt til marknadsleiaren:

– I Steen & Strøm har vi ei ­avventande haldning, for folket er delt, seier dagleg leiar Thor Bareksten.

Han fortel at dei vil skjele til kva den største kjøpesenterkjeda gjer om det blir mogeleg å halde butikkane oppe på sundagar.

– Dersom Thon går føre vil ­andre følgje etter.

– Det betyr at dersom Thon går for opne senter, så vil Steen & Strøm gjere det same?

– Ja, seier Bareksten.

– Kan butikkar som leiger hjå dykk velje å halde stengt dersom senterleiinga vil halde oppe?

– Nei, det er ein for alle, alle for ein. Men det kan bli differensierte opningstider. Restaurantar og daglegvare vil ha andre opningstider enn faghandel.

– Kva seier dykkar analyser om inntekter og sundagshandel?

– For kjøpesenterkjedene vil sundagshandel bety vekst.

LES OGSÅ: «Blir neste skritt å avvikle de kristne helligdagene?»

Ser konsekvensar

Gisholt på BI nikkar:

– Dei store kjedene blir sundagsvinnarane.

Han ser tre konsekvensar dersom Venstre støttar Høgre og Frp:

– Dei rike blir rikare. Distriktsbutikkar og sentrums­butikkar i byane forsvinn. Handelsmangfaldet blir redusert.

Kjempar om milliardane

408 kjøpesenter omsette for 170 milliardar i fjor.

Norge har ein kjøpesentertettleik ingen andre land i Europa har, opplyser BIs fagansvarleg for varehandel, Odd Gisholt:

– Størst konsentrasjon er det i Akershus og Bergens-området.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Tal frå BI viser at snart blir 40 prosent av nordmenns varekjøp gjort på eit kjøpesenter, og når vi tek med kjedene som har butikkar i nærleiken av store kjøpesenter, til dømes Ikea og XXL, kryp talet opp mot 50 prosent.

Steen & Strøms eigen analyser viser at Norge er eit godt land å drive kjøpesenter i:

«Norge er preget av sterk kjøpekraft, god levestandard og høyt forbruk. Kjøpekraften er NOK 255.000 per innbygger, sammenlignet med det europeiske gjennomsnittet på NOK 100.000 per innbygger. Nordmenn har stor tro på fremtiden, nyter lav inflasjon, høy vekst og politisk stabilitet. Dette er et marked i medgang, hvor alle parametere overstiger det europeiske gjennomsnittet.»

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter