Religion

Rem: Talen om hat mot religion veleigna for 15-åringar

Forfattaren: Avtalt med lokal arrangør.

Kristin Mile i Human-Etisk Forbund seier at talen til Håvard Rem var i strid med reglane Human-Etisk Forbund har for talar i borgarleg konfirmasjon.

Forfattaren Håvard Rem vil ikkje kommentere kritikken frå Kristin Mile.

– Eg vil ikkje seie noko offentleg som kan setje arrangøren, Human-Etisk Forbund på Notodden, i eit dårleg lys, seier Rem til Vårt Land.

– Det var ein svært fin seremoni der konfirmantane koste seg, smilte og humra, legg han til.

Beden om. Han seier at temaet han var beden av arrangøren om å snakke om, var «Religionskritikk og rasisme».

Kristin Mile i Human-Etisk Forbund går sterkt i rette med forfattaren Håvard Rem etter kronikken hans i Aftenposten søndag. I bearbeidd form var kronikken ein tale han heldt i humanistisk konfirmasjon på Notodden laurdag.

Rem brukte krasse ord om religion. Han samanlikna pinsekyrkja til far sin, som han braut med, med Iran. Han viste til Albert Schweitzer som i si Jesus-kritiske forsking også viste til forskarar som hata religion.

[http://www.verdidebatt.no/debatt/cat12/subcat43/thread145887/#post_145887 PÅ VERDIDEBATT SKRIV HALLVARD JØRGENSEN: «Rem .... legg opp til eit meir eller uinformert hat mot den diffuse kategorien «religion», og han gjer det på ein etter mitt syn ganske naiv og potensielt farleg måte.» Diskuter]

Rem sa difor at det er lov å hate religion. Han sa at ordet hat lyder stygt. «Men det er lov å hate overtro. Hate religion. Hat til religion kan være drevet av kjærlighet til enkeltmennesker. Den enes hat kan bli den andres frihet.»

LES OGSÅ: Rem til konfirmanter: Det er lov å hate

Ikkje lyde. Kristin Mile som er generalsekretær i Human-Etisk Forbund, seier at slik skal ein tale til humanistiske konfirmantar ikkje lyde.

– Dersom Rem sa det som står i kronikken, kjenner han oss dårleg, seier Mile.

Ho tek det atterhaldet at ho ikkje har vore i kontakt med lokallaget på Notodden og veit difor ikkje nøyaktig korleis orda fall i talen. Men ho les kronikken slik at orda fall slik dei står der, sjølv om kronikken er i bearbeidd form.

– Vi har retningsliner for talar i humanistisk konfirmasjon. Der står det tydeleg at borgarleg eller humanistisk konfirmasjon ikkje skal angripe eller kritisere andre religionar eller livssyn, seier Mile.

Ho seier at kronikken er god religionskritikk, men altså ueigna som tale i ein konfirmasjon.

– Det er mange element i denne kronikken som ikkje høyrer heime i ein slik tale. Ein konfirmasjon er verken tid eller stad for ein slik tale, seier Mile.

Respekt. – Håvard Rem: Mile seier at talen var god religionskritikk, men ikkje eigna for ein konfirmasjonstale. Kva seier du til det?

– Innhaldet i talen er eigna for 15-åringar, i mine augo, svarar Rem.

– Eg har stor respekt for arbeidet Human-Etisk Forbund driv. Eg er ikkje medlem og uttalte meg på eigne vegne, seier Rem.

Avgrunn. På verdidebatt.no skriver Are Karlsen at han mener at Rem selv illustrerer den avgrunnen det er mellom hans fars pinsemenighet og Iran, som Rem sammenligner.

«Sitat fra hans kronikk i Aftenposten: 'Snart ble filmen (Life of Brian, min anm.) tillatt også i Norge. Den kvelden den skulle vises på kinoen, var det mange i min fars forsamling som samlet seg og marsjerte til kinoen. Hva ville skje? Ville de prøve å stanse filmen? Røyklegge kinoen?

Nei, de sto i gaten utenfor og sang en rolig, mollstemt salme som lød: «Jesus, det eneste, helligste reneste navn som på menneskelepper er lagt.»" Sitat slutt.

De ekstreme, fundamentalistene i hans fars menighet går ut på gaten og synger en mollstemt salme som protest!

Hva hadde skjedd i Midt-Østen om Muhammed hadde fått en tilsvarende behandling som Jesus får i denne filmen. Det hadde nok ikke vært snakk om å ‘røyklegge kinoen’, men å gjøre den til en rykende ruin, med stor mulighet for tap av menneskeliv. Karrikaturstriden med ruinene av norske og danske ambassader får være bakteppe for denne påstanden.

«Vise fingeren». Rem avslutta talen, ifølgje kronikken, med helsinga «Kjære unge humanister» og oppmodinga om å «vise fingeren» til politikarar og prestar som «vil forby religionskritikk og religionskarikaturer».

Mile reagerer også på formuleringa «Kjære unge humanister».

– Konfirmasjonen vår er ikkje for unge humanister. Den er for alle, utan omsyn til livssyn. Det store fleirtalet av dei som er konfirmantar hos oss, kjem frå statskyrkjefamiliar. Vi har ikkje noko krav om medlemskap eller livssyn. Aldersgrensa for medlemskap hos oss er 15 år, seier Mile.

– Vi skal elske. Paul-Erik Wirgenes som er avdelingsdirektør i Kyrkjerådet og tidlegare har hatt ansvar for Den norske kyrkjas trusopplæring, seier at «Vi er kalla til å elske».

– For kyrkja er det viktig å både lære å vere audmjuk i forhold til andres tru og samtidig kjempe for ytringsfridom og religionsfridom. Kyrkja vil eit samfunn der det er fridom til å kritisere religion og livssyn. Kyrkja sjølv vil meine at religionskritikk er viktig, seier Wirgenes og legg til:

– Jesus var nokså så ramsalt i sin kritikk av samtidas religiøse leiarar - ein kritikk som også kunne ramme sine eigne etterfølgjarar. Dette kritiske perspektivet på tilhøvet mellom religiøsitet og makt er viktig å oppretthalde både innanfor og utanfor ulike religionar og livssyn.

- Hat mørkelegg. Wirgenes seier at han er samd Rem i uroa hans for prosessen i FN-organ for å forby kritikk mot religion.

– Eg er derimot uenig i at det er lov å hate. Hat mørkelegg menneskesinn. Hat tiltrekkjer seg ein serie eigenskapar som lukkar augo og kjensler for nyansar og for menneske. Hat gjer røyndommen svart-kvit. Ein trenger virkeleg ikkje hat for å kjempe mot øydeleggjande krefter. Samtidig deler eg behovet for kritisk å påpeike, og gjerne harselere over misbruk, - uansett om det er kristne, muslimar eller humanistar som trakkar andre ned, seier Wirgenes.

Taus Fragell. Levi Fragell som har vore i vinden i debatten om religionskritikk med boken Vi som elsket Jesus, har sjølv brukt ordet «hate» om oppgjeret med Gud.

Eg forstår svært godt at Håvard Rem, som sjølv er voksen opp med ein pinsepredikant som far, har slike reaksjonar på det han har lagt bak seg. Men eg vil ikkje seie noko om korleis dette vert formidla til konfirmantar i humanistiske konfirmasjonar, seier Fragell etter å ha lese Rems kronikk.

– Kvifor?

Fordi eg framleis vert forbunden med Human-Etisk Forbund, men ikkje har noko ansvar for humanistisk konfirmasjon, svarar Fragell.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Religion