Nyheter

Rekordgåve til Israels-vener

Med Israel for fred har fått 400.000 kroner frå ein gjevar. Gåva er den største i organisasjonens historie.

– Gjevaren er særs nøgd med arbeidet vårt. Han opplever at vi når ut til eit stadig breiare publikum med viktig Israels-informasjon, fortel Conrad Myrland, dagleg leiar i Med Israel for fred (Miff).

Gode tal. Når Myrland gjer opp rekneskapen for 2010, ser han at organisasjonen kan skilte med fleire gode tal:

Rekordstor einskildgåve på 400.000 kroner.

Kraftig vekst i gåver frå nordmenn som støttar Miffs arbeid - opp frå nesten 1,2 millionar kroner i fjor til nesten 2 millionar kroner i år.

n Medlemsmassen auka med nesten 1.000 personar frå i fjor til i år - opp frå 3.392 til 4.208.

Rekordstore. – Når vi slår saman medlemskontingent og pengegåver, får vi rekordstore inntekter i år, nesten 3 millionar kroner. På toppen kjem einskildgåva på 400.000 kroner, fortel Myrland.

– Kva skal de bruke inntektene til?

– Vi skal sende ut informasjonsavisa vår til nye fylke. Hittil har alle husstandar i Rogland, Agder-fylka og Telemark fått denne. Neste år står Buskerud og Møre og Romsdal for tur, seier Myrland.

Avis. Han opplyser at veksten i medlemmer og gåver heng saman med utsendinga av informasjonsavisa:

– Frå fylka som har fått avis, har Miff fått mange medlemmer og gåver.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter