Nyheter

Regjeringen blar opp for å hindre religiøs ekstremisme

Unge skal stoppast før dei blir radikaliserte. Livssynsminister Thorhild Widvey gjev 400.000 kroner.

Det må talast høgt og tydeleg om at religiøs radikalisering er farleg, meiner Høgre-statsråden som styrer Kulturdepartementet, og med det norsk trus- og livssynspolitikk.

I gårsdagens Vårt Land rykte Ikhlaque Chan, dagleg leiar for eit aktivitetssenter for barn og unge i Bærum kommune, ut med ei åtvaring:

– Radikaliseringa av unge muslimar må stoppast, elles endar endå fleire opp som kanonføde i borgarkrigen i Syria.

Sidan dei første nordmennene reiste til Syria i 2012, skal rundt åtte ha mista livet i krigshandlingar

LES OGSÅ: Jihadistmisjonærar lokkar unge muslimar til Syria

Tre råd. I samband med at Solberg-regjeringa har lagt fram ein ny Handlingsplan mot radikalisering og valdeleg ekstremisme, er kulturminister Widvey oppteken av å demme opp mot ytterleggåande religiøse krefter. Konkret brukar ho pengar på kunnskapsspreiing:

- Vårt utgangspunkt er at trus- og livssynsdialog er viktig i eit fleirreligiøst og fleirkulturelt samfunn. Det fremmar forståing og respekt både for det som er ulikt og det som er felles verdiar i samfunnet vårt, seier statsråden i en e-post til Vårt Land.

Difor støtter Kulturdepartementet tre råd som «aktivt arbeidar med dialog», Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn (STL), Norges Kristne Råd og Islamsk råd Norge.

– Dei har kontakt med eit breitt spekter av trus- og livssynssamfunn og er aktørar i arbeidet mot ytterleggåande religiøse krefter og radikalisering, meiner Widvey.

LES OGSÅ: Syria-krigere ville ikke møte PST

Staten støttar. Sidan Politiets tryggingsteneste (PST) gjekk ut hausten 2012 og sa at norske muslimar reiste til Syria for å kjempe mot president Bashar al-Assad, har talet på Syria-krigarar kome opp i 50 personar.

No brukar regjeringa ved kulturminister Widvey statsstøtte på prosjekt som mellom anna skal nå unge med bodskapar om farleg radikalisering.

- Kulturdepartementet har nyleg gjeve støtte til prosjektet Hvordan møte religiøs ekstremisme i Norge i regi av STL. I tråd med regjeringas handlingsplan vil vi vurdere å støtte liknande prosjekt framover, seier Widvey.

LES OGSÅ: Nei til religiøs tvang – ja til toleranse og mangfold

Held samlingar. I STL seier rådsleiar Espen Lynne Amundsen at noko av prosjektstøtta går til organisasjonen Ung Dialog, som mellom anna reiser rundt på skular og held samlingar om trus- og livssynsspørsmål.

– Kven utøver religiøs ekstremisme i Norge i dag?

– Det heile kokar nok ned til at vi snakkar om muslimsk ekstremisme, seier Lynne Amundsen, og fortel at dei statsstøtta prosjekta til STL skal vere oppe og stå i løpet av hausten.

– Vi drive førebyggjande arbeid. Når unge først er blitt radikaliserte, er det ei sak for politiet.

LES OGSÅ: Denne syriske familien drømmer om å bli utvalgt til å få komme til Norge

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter