Barneminister Solveig Horne (Frp) har bestemt seg – og fått grønt lys frå regjeringskollegiet:
– Vi må revidere barnevernlova. Dagens lov er frå 1992, og er flikka på mange gonger. No er tida inne for å sjå på heilskapen. Vi må gjere lova meir tilgjengeleg, særleg arbeide med språket og vi må betre rettstryggleiken til barna, seier Solveig Horne, og vedgår at dagens lov og forskrifter er lite oversiktleg og heng dårleg saman.
LES OGSÅ: Horne vil stille hardere krav til barnevernsbarn
Bruke hjarta
Ho har invitert seg sjølv til Forandringsfabrikken i Oslo, ein organisasjon som vil endre vil «skole, barnevern, psykisk helsevern og kriminalomsorg utfra svarene fra barn og unge». Rundt møtebordet sit fire unge med røynsle frå barnevernet. Dei kjem frå Barnevernsproffene, ei samling unge menneske med fartstid i barnevernet. No får dei fortelje barneministeren kva dei vil ha endra i dagens barnevernlov.
Horne ser eit raudt symbol på bordet, pakka inn i sølvpapir:
– Hjarter, så flott. Vi må ha hjarta med oss i dette arbeidet.
Statsrådens ord får Alexander til å gripe ordet.
– Du vil endre språket. Eg vil ha kjærleik, ikkje omsorg i barnevernet. Omsorg blir for kaldt. Kjærleik må bli kjerneverdien i barnevernet.
LES OGSÅ: Ap vil samle opposisjonen for å unngå børs-barnevern
Bli sett. Bli høyrt
Jui vil ha vekk ordet «adferd»:
– Kva i alle dagar er «adferd». For meg blir dette berre eit svært negativt ord.
Alexander hiv seg med:
– Det høyres ikkje fint ut. Eg vil bli sett, eg vil bli høyrt. Eg vil ikkje vere «adferd».
– Og så kan ikkje barn halde fram med å vere «brukarar», minner Jui om.
Halvanna år
Dei fire frå Barnevernsproffene er samde. Horne må setje ned eit lovutval som må arbeide mykje med språket når lova no blir revidert. Statsråden blir minna om at loven skal vere for dei. Han skal ikkje stigmatisere dei som barnevernsbarn.
– Blir han leseleg til slutt? undrar Ylva.
Horne nikkar. Og lovar. Den raude notatboka til statsråden blir fylt opp under møtet. Kanskje vil ikkje ordet fosterheim overleve lovarbeidet som startar med at Barnedepartementet set ned eit utval før jul, og som leverer ei innstilling etter halvanna års arbeid. Kanskje blir det endringar i kva som blir barnevernets kjerneoppgåver.
Unge vaktbikkjer
Barneminister Horne blir utfordra. Vil den nye lova bli ei lov som sikrar barn rett til eit barnevern? Blir det eit reelt barnevern, og ikkje eit foreldrevern?
– Vi skal få ein forsvarleg lov, nøyer Horne seg med å love. Ho vil ikkje forskottere utfallet på lovrevisjonen, men legg likevel til:
– Lova må bli betre. Vi skal betre rettstryggleiken dykkar. Difor skal vi få dykkar stemme inn i lovutvalet, anten som ei ressursgruppe eller på ein annan måte.
Ylva grip sjansen:
– Vi kan sitje og høyre på.
LES OGSÅ: Guttene som ingen ser