Politikk

Raudgrøn åtvaring: Dropp asylamnesti, Solberg

Ikkje lytt på sentrumspartias krav om amnesti til barn med asylavslag, åtvarar den utgåande, raudgrøne regjeringa.

Asylpolitikken er eit krevjande tema for dei fire partia som denne veka veg og målar partiargument på eit hotell nord i Oslo. Avstanden frå Frp på eine sida til Venstre og KrF på andre, er lang og full av sterkt motstridande standpunkt.

No kjem den utgåande Stoltenberg-regjeringa med eit råd til Høgre-politikaren som skal sy saman ei borgarleg regjering.

– Då Erna Solberg var kommunalminister i 2004 fekk ei stor gruppe barn, som hadde budd i landet i meir enn tre år, handsame sakene sine på nytt. Men Solberg presiserte den gongen at spesialbehandlinga var eit eingongstilfelle. Dette bør ho no hugse på, seier statssekretær Pål Lønseth (Ap) i Justisdepartementet.

Han er statssekretæren statsråd Grete Faremo (Ap) har sendt ut i striden når regjeringas asylpolitikk skal forsvarast og forklarast. Før dei går av som følgje av valnederlaget, vil Lønseth og regjeringa åtvare Solberg.

LES OGSÅ: Tre av fire asylsøkere har søkt asyl i andre land

Sender signal. – Blir dei borgarlege samde om eit kompromiss der barn som har budd lenge i Norge saman med foreldra, som nektar å reise ut, er dette eit negativt signal til omverda, seier Lønseth.

– Kva signal då?

– Er ein asylsøkjar, kom til Norge. Har ein barn og ikkje får opphald, bli berre sitjande. For etter nokre år får ein opphald, seier statssekretæren som har fronta ein stram, raudgrøn asylpolitikk.

LES OGSÅ: Sentrum avlyser Frps innstramming på innvandring

Blir buande. Sidan dei første asylsøkjarane gjekk i kyrkjeasyl i 1993, har barn fått store overskrifter i media, og skapt oppheta debattar.

Barna til returnektarane ligg no på sonderingsbordet til Venstre, KrF, Høgre og Frp. Venstre og KrF gjekk til val på lovnaden om ein meir liberal asylpolitikk. Begge parti ønskjer permanente grenser for kor lenge familiar kan bli buande i Norge etter avslag før de får opphald. Venstre seier tre år, KrF fem.

Lyttar kanskje. I Høgre er det liten vilje til å snakke om rådet statssekretær Pål Lønseth kjem med.

– Vi skal lytte til råd, men det er ikkje alltid ein skal følgje råd. Utover det har eg ingenting å seie, er einaste kommentar frå partiets innvandringspolitiske talsmann, Michael Tetschner.

vg.no fortalte tysdag kveld at kjelder rundt forhandlingsdelegasjonane snakkar om amnesti som ei farbar løysing. KrF og Venstre får innfridd kravet om opphald til returnektarane, mens Frp får gjennomslag for kravet om raskt uttransportering av dei som har fått avslag.

LES OGSÅ: Jensen: – Vi vil være tøffe ved forhandlingsbordet

Venstre krev meir. I Venstre er sentralstyremedlem Guri Melby både einig og ueinig med statssekretær Pål Lønseth (Ap) i Justisdepartementet:

– Når vi sa at det skulle vere eit eingongstilfelle i 2004, så meinte vi det vi sa. Men no ønskjer vi eit amnesti for asylbarna fordi regjeringas politikk har svikta. Venstre meiner at styresmaktene burde prioritert annleis - barnefamiliar som er vanskelegast å få returnert, burde blitt prioritert, ikkje dei som er enklast å få sendt heim.

Statssekretær Pål Lønseth (Ap) meiner Stoltenberg-regjeringa har arbeidd hardt for å hindre at barn blir buande i Norge etter asylavslag.

– Men vi har to store problem, mangelen på identitetspapir og land som nektar å ta i mot tvangsutsendte.

Venstre åtvarar Høgre og Frp til å tru at berre dei får asylamnesti for barna, så godtek partiet det meste.

– Vi må få gjennomslag for meir av vår asylpolitikk, seier Guri Melby.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Politikk