Nyheter

– Prevensjon for menn kjem snart

Den britiske legen Lee Smith trur sprøyter blir meir aktuelt enn p-piller. – Menn vil ikkje hugse pillen kvar dag, seier han.

Fredag skreiv Vårt Land at fire av ti kvinner som søker abort, har brukt prevensjon. Dette kjem fram i ein ny rapport. Men er prevensjon berre kvinna sitt ansvar?

LES IDAS HISTORIE: Brukte prevensjon, blei gravid, tok abort

Ny utvikling

I dag er det berre to aktuelle prevensjonsmiddel for menn - kondom og sterilisering. Lege Lee Smith ved Universitetet i Edinburgh har forska på fertiliteten til menn. Han meiner det har skjedd to viktige ting det siste året.

– Det første går på prevensjonsmetodar basert på hormonelle middel. Ein tenkte seg at ein kunne gi menn ei testosteronsprøyte, som ville føre til at dei ville kunne behalde sine mannlege trekk, men samtidig lure hjernen til å tru at dei lagar nok testosteron til at sæd ikkje blir produsert. Dette blei testa på mus, og det viser seg at det ikkje er muleg. Så utviklinga her har stoppa litt opp, seier Smith.

Han har meir tru på ikkje-hormonell prevensjon.

– Når slike prevensjonsmiddel blir gitt til mus, så stoppar dei å produsere sæd. Det er interessant, meiner legen.

– Så prevensjonsmiddel for menn er absolutt på veg.

LES OGSÅ: Vil vurdere billigere prevensjon

Kan ta tid

Smith trur det likevel vil ta ei stund før slike middel vil vere tilgjengelege på marknaden.

– Prevensjon er den einaste medisinen ein gir til friske menneske. Lagar du dei feil, så får du store problem, seier han.

Forskarane bak den nye rapporten meiner at auka bruk av langtidsprevensjon, som p-stav og p-sprøyte, kan bidra til å senke aborttala. Smith trur også dette vil bli meir aktuelt for menn.

– Om menn skal ta piller, så vil partnaren lure på om dei hugsar det kvar dag.

Men trur du menn vil bruke slik prevensjon, om den blir tilgjengeleg?

– Ja, iallfall menn som er i eit forhold, seier legen.

LES OGSÅ: Vil ha gratis langtidsprevensjon

– Kvir seg for å bruke kondom

Tore Holte Follestad, sexologisk rådgjevar og dagleg leiar ved senteret Sex og samfunn, meiner det må meir til om menn skal byrja bruke prevensjonsmiddel.

– Dei prevensjonsmidla for menn som har vorte utvikla til no, gjer at sædcellene ikkje fungerer. Prevensjonsmidla er med andre ord retta mot den reproduktive biten. Men den beskyttar ikkje mot seksuelt overførbare infeksjonar, seier Follestad.

Ifølge han kvir norske menn seg for å bruke kondom. Han skulle ynskje det ikkje var slik.

– Men viss vi kan utvikle eit prevensjonsmiddel som beskyttar mot både graviditet og smittsame infeksjonar, og det er lett tilgjengeleg og enkelt å bruke, trur eg menn også vil bruke det.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter