Prest sto fram som homofil under preika

I mai skal ei folkeavstemming avgjere om homofile skal få gifte seg i den katolske republikken Irland.

Demonstranter protesterer mot homofile ekteskap i Belfast, Nord-Irland. «Homoseksualitet er synd» står det på banneret dei held.

Det skjedde i byrjinga av januar. Irske Martin Dolan, som har vore katolsk prest i Dublin i 15 år, ga si støtte til homofile ekteskap frå preikestolen. Og avslørte at han sjølv er homofil. Det skriv den britiske avisa The Guardian.

Kyrkjelyden skal ha reagert med ståande applaus. Liz O'Connor, ein ungdomsarbeidar frå området, sa til avisa Irish Sun at dei er alle svært stolte av Dolan.

– Det at han har innrømma at han er homofil, endrar ikkje den personen vi kjenner, sa ho vidare.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP