Nyheter

Prest kritisk til kraftsatsing

– Kirkefondet skal vakta seg vel for ikkje å bli oppfatta som ein organisasjon som ikkje tek miljø­omsyn.

Opplysningsvesenets fond (OVF) satsar 300 millionar på å bygge ut vannkraft.

LES SAKEN HER: Kyrkjefond skaper bygdeopprør

Tom Sverre Tomren, prest, politikar og miljøvernar, er svært kritisk til denne kraftverksatsinga.

LES MER: Biskop: Uheldig med kirkelige oljeinvesteringer

Dobbeltmoral

– OVF skal vakta seg vel for ikkje å bli oppfatta som ein organisasjon som ikkje tek miljø­omsyn. Utbyggingar som den i Lårdal viser at det kan bli langt mellom liv og ­lære for Den norske kyrkja. På den ­eine sida snakkar kyrkja om å ta vare på det biologisk mangfaldet. På den andre sida startar kraftselskapet til OVF prosjekt som skaper miljøstrid lokalsamfunna, seier Tomren, som er gruppeleiar for Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i fylkestinget i Hordaland.

Soknepresten på Osterøy meiner OVF – gjennom Clemens Kraft – skal vakte seg vel for å bli «ein rein kommersiell aktør».

Mange konfliktar

Tomren er medlem av utvalet som behandlar småkraftutbyggingar i Vestlands-fylket. Han ser at mange prosjekt skaper mykje strid og vil få liten kraftproduksjon.

– På grunn av konflikt mellom vern og utbyggjarinteresser har MDG i Hordaland sagt nei til dei aller fleste småkraftprosjekta vi har fått til behandling.­

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter