Nyheter

Presseveteran: Grovt maktmisbruk av Dagbladet i ambulansesaka

Eks-lesarombud Angelshaug hardt ut. Sjefredaktøren i Dagbladet avviser kritikken.

Etter at Dagbladet i Oslo byrett vart dømt til å betale 1 million i erstatning til ambulansesjåfør Erik Schjenken, rasar debatten om ytringsfridommens kår - spesielt på kommentarplass. Erik Schjenken og ein kollega forlet Ali Farah i Sofienbergparken i Oslo 6. august.

Dagbladet har varsla at dommen mot avisa skal ankast fordi avisa meiner dommen er for svak i drøftinga av grenser for ytringsfridommen og at erstatningssummen på ein million «er hinsides». Avisa har fått støtte frå folk som Aftenpostens Harald Stanghelle.

Terje Angelshaug går derimot hardt ut mot Dagbladet og støttespelarane til avisa. Det gjer han i ein blogg under Journalisten.no – med overskrifta Makt til å ødelegge.

«Destruktiv makt». Angelshaug skriv at Erik Schjenken har opplevd «pressens destruktive makt». Han held: «Fra folk som kjenner ham har jeg hørt hvordan presseoppslagene i den såkalte ambulansesaken kastet Schjenken ned i livets mørkeste dal. Den dalen noen aldri kommer ut av. Men Schjenken har reist seg. Det er noe av et eventyr, og i alle fall en imponerende prestasjon, at denne ambulansesjåføren, hånet av rikspressen, har slått tilbake mot makthaverne i det offentlige rom.»

Angelshaug legg til at han forstår verdien av ytringsfridommen, at den er umisteleg.

«Men når en makthaver som Dagbladet bruker sine privilegier og sin makt til å rive grunnen under livet til en anonym ambulansesjåfør, ser vi et eksempel på grov misbruk av makt. Hvordan skal samfunnet slå ned på denne formen for maktmisbruk? Skal den alltid vernes av ytringsfriheten? Øker det respekten fordenne friheten som journalister og andre dør for i mindre privilegerte deler av verden?»

Seier? Angelshaug viser til at pressa meiner at Dagbladet ikkje bør dømmast for si fordømming av Schjenken, uansett om fordømminga bygde på falske premissar. Angelshaug reknar med at dommen ikkje blir ståande.

«Er det da en seier? En seier for det frie ord, eller en seier for pressens frihet uten ansvar? I stedet for å møte Schjenken i retten kunne kanskje Dagbladet ha erkjent at kritikken hans var berettiget, at de hadde fordømt ham på sviktende grunnlag, at han fortjente og hadde krav på, en unnskyldning? Kanskje Dagbladet og norsk presse hadde stått seg på det? Men det skal styrke til å innrømme feil.»

Avviser. Sjefredaktør Lars Helle i Dagbladet avviser derimot skarpt kritikken frå Angelshaug. Han seier han ikkje er sikker på at Angelshaug verken har forstått sakskomplekset, om han har lese mediaoppslaga om ambulanse-saka eller om han har lese dommen.

– Vi har ikkje drive grovt maktmisbruk, seier Helle.

Han seier seg enig med Angelshaug i at media må reflektere over si eiga makt og at Schjenken har hatt det tøft.

– Men det er ikkje dokumentert nokon årsakssamanheng mellom at han har hatt det tøft og det Dagbladet skreiv. Vi identifiserte han ikkje. Det var det han sjølv som gjorde i ein artikkel han skreiv i Aftenposten. Vi skreiv ikkje om Schjenken, men om systemet. Dette var ikkje ei sak mellom Dagbladet og Schjenken. Vi gjorde jobben vår - og diskuterte institusjonell rasisme, seier Helle.

«Hylande hundar.» I Aftenposten tysdag skriv professor Reidun Førde ved Senter for medisinsk etikk også om pressa og ambulansesaka. Ho refsar media generelt, med unnatak av ein balansert leiar i Klassekampen.

«Ambulansepersonell har eit av dei vanskelegaste yrka. Dei må gjere vanskelege vurderingar i svært krevjande situasjonar, ofte blant samfunnet sine verst stilte. Ambulansefolka er lågt på rangstigen i samfunnshierarkiet, dei har ikkje sterke fagforeiningar i ryggen slik legar og journalistar. I ambulansesaka oppførte media seg som hylande hundar som sprang i flokk, ja, i gidt selskap med ministrar og andre maktpersonar. Men at maktpersonar slo fast kva som hadde hendt på eit altfor dårleg grunnlag, kan ikkje flinke journalistar dekkje seg bak. Kor blei ytringsfridomsideala og journalistetikken av?» spør Førde.

Ho legg til:

«Kven søkte sanninga bak overskriftene, kven tok ambulansefolka i forsvar eller prøvde å sjå saka frå deira side? Så og seie ingen, ingen maktfolk og i alle fall ikkje journalistar, før det var gått altfor lenge! Eit unntak var ein balansert leiar i Klassekampen.»

Avviser. Sjefredaktør Helle, som ikkje har fått lese Førde sin kritikk, avviser blankt at Dagbladet ikkje gjorde forsøk på å få tak i ambulansesjåførane eller andre som kunne forsvare dei eller sjå saka frå deira side.

– Vi gjorde intense forsøk og fekk til slutt fatt i ein kollega som kunne seie korleis saka såg ut frå deira side. Vi var ekstremt opptekne av dette, Dei aktuelle ambulansesjåførane blei effektivt hindra av sin eigen arbeidsgjevar, Ullevål sjukehus, i å forsvare seg, seier Helle og legg til:

– Situasjonen i Sofienbergparken i Oslo var at politi og ambulanse forlet ein pasient som var livstruande skadd og som seinare på kvelden hamna i koma. Vi var opptekne av systemet, og vi har rett til å vite korleis ambulansesjåførar jobbar. Dei har vore under politietterforsking og under gransking, seier Helle.

Han vedgår at Dagbladet kanskje var med på å springe i flokk saman med andre media.

– Vi diskuterer gjerne. Men kritikarane synest vere overmanna av at Schjenken har hatt det tøft. Og dommen er svak på det prinsipielle om ytringsfridommen. Rettstilstanden er ikkje slik som dommen seier den er, seier Helle.

Han registrerer at Schjenken ikkje har gjort alvor av det han ein gong vurderte – å gå til sak mot arbeidsgjevaren sin, Ullevål universitetssykehus ( i dag del av Oslo Universitetssykehus).

– Kanskje var det Schjenken skulle ha gjort og ikkje reist sak mot Dagbladet. Men det blir berre spekulasjon, seier Helle.

- Spelerom. Aftenpostens politiske redaktør Harald Stanghelle er ein av dei som har kritisert dommen mot Dagbladet. Han sa til Klassekampen laurdag at dommen inneber ei innsnevring av meiningsjournalistikken sidan Dagbladet er dømt for det som har vore skrive på leiar- og kommentarplass.

«Det er veldig lett å føle sympati med Erik Schjenken som har fått brutal behandling i norske medier, men jeg er overrasket over at dommen er så svak på de prinsipielle spørsmål om ytringsrommet for meninger», seier Stanghelle og la til:

«Dagbladet er jo dømt for det som er skrevet på leder- og kommentarplass. Jeg mener at der må man ha et mye større spillerom, også for den subjektive, sårende og konfronterede ytringen. Dagbladet lå godt innenfor grensen for det som må tåles.»

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter