Nyheter

Politiet lagrar uskuldiges fingeravtrykk

Datatilsynet reagerer på at Kripos nektar å sletta fotografi og fingeravtrykk av personar som er frikjende.

Magne frå Akershus har dommar frå tidlegare - både då han var ung og den siste kom for 8 år sidan. I fjor blei han kasta på glattcelle etter ein slåsskamp, og han blei etter kvart tiltalt for vald. Men i tingretten blei han trudd på at han berre gjekk mellom partane og han blei frifunnen. Saken blei ikkje anka, dommen blei rettskraftig og Magne er ifølgje norsk lov uskuldig i denne saka.

Men politiet ønskjer ikkje å slette fotografi og fingeravtrykk som blei teke av Magne i samband med fjorårets sak kor han blei kjent uskuldig. Årsaka er dei tidlegare dommane.

– Går til retten. - Eg går til retten, seier Magne, som har særs lite til overs for politiets praksis.

– Dette er idiotisk. Ja, eg har ei fortid, men eg har gjort opp for meg overfor samfunnet, og same kva kor snill gut eg vil vera, vil dette hengje ved meg, seier han.

Det var ganske tilfeldig at Akershus-mannen fann ut at politiet framleis hadde lagra hans id-informasjon.

–Eg reknar meg som ein ressurssterk person, men det er mange som ikkje ville ha sjekka dette og ville rekna med at styresmaktene gjorde det rette.

Lovteksten som Kripos heimlar det at Magne ikkje får sletta fingeravtrykk og fotografi i, finst i politiets påtaleinstruks. Der står det at personar som får si sak endeleg avgjort i form av bortlegging eller frifinning i retten skal få dette sletta.

Men setninga «Det gjelder likevel ikke dersom vilkårene for registrering i forbindelse med en annen sak er til stede» er den Kripos meiner gir dei løyve til å lagra foto og fingeravtrykk til uskuldige, dersom dei har ein fengselsdom frå før av. Kor lenge sida den dommen var og kor alvorleg gjerninga var, har ikkje noko å seie. Dette ifølgje Eldrid Willeksen, seksjonssjef for registerforvaltinga hos Kripos.

– Veldig rart. Cecilie Rønnevik, jurist og seniorrådgivar i Datatilsynet karakteriserer Kripos lovtolking som «veldig rar». Utifrå det ho har høyrt om saka og det ho har lese i påtaleinstruksen, meiner ho at Magne og andre i ein liknande situasjon kan ha ei god sak.

– Eg kjenner ikkje til førebuingane til lova, men eg kan ikkje sjå at opplysningane frå ei sak kor ein er frifunne, er relevante i forhold til tidlegare dommar. Det er nok grunnlag for å prøva denne tolkinga, seier Rønnevik.

– Vil oppdatere. - Eldrid Willeksen hos Kripos, korfor treng politiet denne informasjon frå personar som ikkje er kjent skyldige i desse saken?

– Vi treng å oppdatere fotografi og fingeravtrykk. Dessuten er det ikkje sikkert at foto og fingeravtrykk blei henta inn ved tidlegare dommar.

Datatilsynets Rønnevik reagerer på det utsegnet:

– Når det ikkje lenger er eit forhold mellom den dømte og politiet, skal det ikkje vera noko registrering. Ein kan ikkje samla inn bevismateriale for hypotetiske framtidige lovbrot.

Erling Johan Husabø, professor i strafferett ved Universitetet i Bergen, seier etter å ha fått høyre problemstillinga:

– Eg ser argument som taler både for Kripos si tolking og for Datatilsynet si tolking. Utfrå ordlyden i forskrifta vil eg ikkje utan vidare avvise Kripos si tolking. Men det bryt også litt med formålsprinsippet. Ein skal berre hente inn data til formålet. Og om dokumentasjon på eit brot som ligg mange år tilbake i tid blir brukt som grunngiving, er det eit argument for Datatilsynet si tolking. Det gjeld også om personen ikkje hadde fotografi eller fingeravtrykk registrert frå før, avsluttar professoren.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter