Nyheter

Oljeleiting truar urfolk med utsletting

Oljefondet må ikkje svarteliste spansk oljeselskap. Norge misbrukte sjansen til å stoppe livsfarleg oljeleiting, seier Regnskogfondet.

– Hadde Finansdepartementet avgjort denne saka langt raskare – ved å følgje innstillinga frå Etikkrådet om å selje seg ut av Repsol – hadde presset på Peru blitt så sterkt at dei hadde avslutta oljeleitinga i eit svært sårbart område av Amazonas, seier Anders Krogh, leiar av amazonasavdelinga i Regnskogfondet.

Nord i Peru lever det isolerte urfolksgrupper i regnskogen som ikkje ønskjer kontakt med omverda. Oljearbeidarar som trengjer inn i skogen har med seg sjukdommar som urfolket ikkje vil tåle, sjukdommar som er ufarlege for folk flest, men som kan vere dødelege for dei isolerte gruppene.

Slepp å selje. Rådet som er sett til å vakte etikken i Oljefondets investeringar har talt. I ei fersk fråsegn seier Etikkrådet:

Finansdepartementet treng ikkje påleggje Oljefondet å selje alle aksjane i Repsol. Det omstridde spanske oljeselskapet har nemleg selt seg ut av blokk 39, eit leiteområde som ligg i den delen av Amazonas som husar urfolksgrupper som ikkje vil ha kontakt med omverda.

Årelang strid. Striden rundt Oljefondets eigarskap i Repsol har rast i mange år. Skiftande finansministrar har vegra seg for å følgje tydelege råd frå Etikkrådet om å selje seg ut. Ved årsskiftet eigde Statens pensjonsfond utland (SPU) Repsol-aksjar for nesten 2,5 milliardar kroner.

Allereie i 2010 sa Etikkrådet frå om at Repsol «burde utelukkes fra SPU på grunn av en uakseptabel risiko for medvirkning til menneskerettighetsbrudd», og «Ut i fra en samlet vurdering av tilgjengelig informasjon konkluderer rådet med at det er en sannsynlighet for at det finnes urfolk som lever i frivillig isolasjon i Blokk 39».

Konklusjon: «Etter rådets oppfatning synes det derfor å være tilnærmet umulig å kombinere hensynet til isolerte urfolks liv og helse med oljeleting når dette foregår innenfor disse urfolkenes leveområder.»

Halvorsen sa nei. Men dåværende finansminister Kristin Halvorsen følgde ikkje Etikkrådet. I 2012 ba ho Etikkrådet vurdere eigarskapen på nytt. Svaret etterlet ikkje tvil: Sel aksjane. Ein finn «intet grunnlag for annet enn å fastholde tilrådningen om utelukkelse av Repsol (...)», skreiv Etikkrådet. Men finansministeren frå SV sa nei til utsal, og heller ikkje Siv Jensen (Frp) følgde Etikkrådets innstilling då ho overtok departementet i fjor haust.

– Dette viser at Norge har misbrukt ein gyllen sjanse til å styrkje rettsvernet til sårbare urfolk, seier Anders Krogh i Regnskogfondet.

Oljeleiting held fram. Organisasjonen kritiserer både den raudgrøne og den blåblå regjeringa for farleg passivitet. Regnskogfondet meiner Perus styresmakter hadde stengt ned oljeleitinga i blokk 39 om Norge og Oljefondet hadde selt seg ut av Repsol i protest mot brota på menneskerettar.

– Vi var så langt unna å få ei god løysing på denne saka, seier Krogh og held opp ein tommel og ein peikefing som nesten møtest.

Leitinga etter olje i blokk 39 held fram. Det fransk-britiske oljeselskapet Perenco har kjøpt Repsols eigardel, og held fram der spanjolane slapp.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter