Nyheter

Nytt spel kan erstatte speletilskot

Norsk Tipping utviklar eit spel som skal skaffe humanitære organisasjonar nye inntekter.

I går skreiv Vårt Land at organisasjonane som før hadde speleautomatar årleg mottar over ein halv milliardar kroner i kompensasjon for at regjeringa innførte spelemonopol. Mange meiner at ordninga burde vore midlartidig, og at det no er på tide å avvikle tilskotet.

– Om nye spel gjev store inntekter må tilskotet reduserast tilsvarande, slår leiar for familie- og kulturkomiteen på Stortinget, Gunn Karin Gjul (Ap), fast.

Tidlegare i år inngjekk Norsk Tipping eit samarbeid med dei ti største humanitære organisasjonane (10H). Ho meiner at 10H bør få mindre pengar i kompensasjon frå staten, dersom samarbeidet med Norsk Tipping lukkast.

LES OGSÅ: Har fått 2 miiliarder kroner i kompensasjon for stengde speleautomatar.

Nye speleinntekter. Målet er å lage eit nytt spel som kan generere mellom 200 og 300 millionar kroner årleg i speleinntekter for 10H-organisasjonane, som no får 83 prosent av kompensasjonsmidlane. Norsk Tipping opplyser til Vårt Land at dei håpar å lansere spelet i løpet av 2012, men vil ikkje røpe kva type spel det er snakk om.

VERDIDEBATT.NO: «At staten fortsatt lønner de som gjorde seg rike på andres ulykke er ikke bare dypt urettferdig, men ikke så rent lite av en politisk skandale.»

Uklårt. Gjul etterlyser ei avklaring om korleis avtalen om kompensasjon for manglande inntekter frå speleautomater var meint å fungere.

– For meg som ikkje tok del i den politiske handsaminga, er det uklårt om tilskotet skulle vere permanent eller midlartidig, fortel ho.

Gjul forstår at dei som let vere å skaffe seg inntekter med automatspel av moralske årsaker tykkjer at tilskotet er urettferdig, men forsvarar likevel ordninga.

– Regjeringa inngjekk avtalen for å få stønad og forståing frå organisasjonane som hadde automatar. Då kan ein ikkje berre skru tilbake tida og reversere han, meiner ho.

VÅRT LAND MENER: «Spilleautomatene henger fortsatt som en mørk sky over det humanitære Norge»

Høgre held fast. I opposisjonen herskar det usemje om kva som bør gjerast. Olemic Thommesen i partiet Høgre hevdar at avtalen var meint å vere ei overgangsordning med nokre få års perspektiv, men meiner det vil vere uansvarleg å avvikle han no.

– Speleinntektene til Norsk Tipping går nedover, og dermed også tilskotet til dei humanitære organisasjonane. Då er det meir aktuelt å sjå på korleis ein kan oppretthalde inntektene, enn å ta endå meir pengar frå dei, seier han.

KrF vil avvikle. Nestleiar i familie- og kulturkomiteen, Øyvind Håbrekke (KrF), meiner kompensasjonen bør avviklast fullstendig.

– Det er naturleg å finne ei pengefordeling uavhengig av speleautomathistoria, og tida er mogen for å ta denne debatten, seier Håbrekke, som enno ikkje har tenkt ut korleis ei alternativ ordning skal fungere.

– Det viktigaste er å ta ei oppgjer med fordelingsprinsippet, meiner han.

Thommesen tykkjer regjeringa bør gjere greie for korleis kompensasjonen på sikt kan erstattast av andre inntektsformer, som til dømes det nye spelet Norsk Tipping er i gang med å utvikle.

– Eit nytt spel kan vere eitt av fleire midlar som kan sukre pilla, slik at tilskotspotten etter kvart kan fordelast på bakgrunn av objektive kriterium, og ikkje til namngitte organisasjonar, påpeikar han.

Vil oppheve monopolet. Framstegspartiet har på si side ikkje noko spesiell formeining om kompensasjonsordninga, og nyttar høvet til å slå eit slag for fri konkurranse.

– Spelemonopolet til Norsk Tipping bør opphevast og full momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar innførast. Delar av speleinntektene til norske selskap kan deretter skytast inn i frivillige organisasjonar og idrettslag, seier Øyvind Korsberg (Frp).

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter