Nyheter

Norske hotell skrur av pornoen

To av landets tre største hotellkjeder vil ikkje lenger tilby sine kundar porno på betal-TV – av etiske grunner. Også Rica vurderer å fjerne tenesta. Men Fellesforbundet lar seg ikkje imponere.

Norges største hotellkjeder opplever porno på betal-TV som problematisk.

– Ut frå etiske omsyn fasar vi nå ut porno som eit tilbod til våre gjester, fortel administrerande direktør Morten Thorvaldsen i Thon Hotels.

– Vi er godt i gang med arbeidet, vårt konsept Thon Budget har ikkje dette tilbodet, og vi stengjer alltid desse kanalane i sommarsesongen på alle våre Junior-hotell, seier Thorvaldsen, og legg til:

– Men vi har ikkje kunngjort dette like høgtlydt som Petter Stordalen.

Etiske reglar. Måndag gjekk hotellkjedeeigar og styreleiar Petter Stordalen ut og fortalde at Nordic Choice Hotels kuttar betal-TV-porno «som ein del av arbeidet mot menneskehandel». Pornoprogramma forsvann då konsernet skulle utarbeide nye etiske retningsliner for hotelldrifta. Stordalens kjede har også innført nulltoleranse ved mistanke om prostitusjon ved hotella.

På spørsmål om korleis pornonekt kan hindre menneskehandel, svarar Stordalen:

– Det skaper diskusjon og spreier kunnskap som kan gjere folk meir medvitne.

I Kvinnefronten jublar talskvinne Torill Nustad. Ho seier porno er «grovt undertrykkjande».

– Difor er det storvegs at Thon og Choice sluttar å sende porno.

I Fellesforbundet er dei ikkje like imponerte. LO-forbundet som organiserer hotellarbeidarar fremma for mange år sidan kravet om pornokutt av omsyn til tilsette:

– Kjedene som no skrur av tilbodet er lovleg seint ute. Dei gjer det fordi dei ikkje tener pengar på betal-TV. I dag ligg pornoen berre to-tre tastetrykk unna på PC-en kundane ber med seg, seier forbundssekretær Clas Delp.

Konklusjonen kjem. I Rica-kjeden skrur dei av pornosendingane 1. juli. Men det er berre mellombels.

– Om sommaren har vi andre gjester. Vi stengjer pornoen av omsyn til barnefamiliane, seier konsernsjef Fredrik Utheim i Rica Hotels.

Han opplyser at i år skal dei utvide den pornofrie perioden til og med august. Så skal dei tenkje seg grundig om.

– Vi skal vurdere om Rica skal slutte å tilby porno på betal-TV for godt, seier Utheim.

Han opplyser at Rica har ulik praksis i Sverige og Norge. I Sverige blei det slutt på hotellporno for ei tid tilbake. I Norge har ei gruppe Rica-hotell ikkje betal-TV i det heile tatt, medan ei har det.

– No skal vi avgjere om også den siste gruppa skal stengje ned tilbodet, seier Utheim.

Talskvinne Nustad i Kvinnefronten er tindrande tydeleg på kva konklusjon Rica må trekkje:

– Kutt pornoen. Gjer ikkje Rica det, vil kundane seie i frå. Det er eg heilt sikker på.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter