Nyheter

– Muslimar skal ikkje særbehandlast

Innvandrarorganisasjon synes bønnenekt på teater er greit.

Når Riksteateret spelar stykket «Folkestyre» i Kvinesdal kulturhus i morgon, får ikkje publikum lov til å gå ut for å be midt under framsyninga.

– Bønnereguleringa er forståeleg, seier generalsekretær Sylo Taraku i LIM til Vårt Land. LIM – Likestilling, integrering, mangfald er ein organisasjon som arbeider for å få innvandrarar til å ta i det norske samfunnet.

LES OGSÅ: Muslimer nektes å be

– Når ein vil be midt under ei teaterframsyning har ein liten respekt for det sekulære rommet i samfunnet. Anten får ein be før ein går på teater, eller så kan ein la vere å gå for å be heime, seier Taraku.

Bønnereguleringa i Kvinesdal kulturhus har rot i ei oppleving i fjor. Midt under ei Riksteater-framsyning reiste ei gruppe menn seg som vandra ut for å be i trappa, for så å kome tilbake til framsyninga.

Kultursjef Jan Schou i Kvinesdal kommune likte ikkje dette og innførte difor bønnereglar i år: Ingen kan gå inn og ut under framsyninga for å be.

– Det forstyrra salen og skodespelarane at så mange reiste seg og gjekk ut av salen, seier Schou til NRK Sørlandet.

Før støtte. Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) stiller seg bak kultursjefen:

– Bønn er ein viktig del av religionsutøvinga og det er viktig at samfunnet legg til rette for dette. Men slik eg ser det har det i dette tilfellet vore gode grunner for å forby ein planlagt ut- og innmarsj under ei teaterframsyning, seier jurist og rådgjevar i LDO, Marte Bauge, til NRK Sørlandet.

Ho opplyser at det i utgangspunktet er forbode å diskriminere nokon på grunn av religion, men det er visse unnatak frå forbodet i diskrimineringslova.

– Dette meiner eg er eit slikt unntak, seier Bauge.

LIM er glade for at LDO gjev tydeleg beskjed om at religionsfridomen ikkje strekkjer seg så langt som å kunne be under ei teaterframsyning.

Ønskjer pause. Muslimsk union Agder meiner striden mellom bønn og ro under framsyningar kan løysast med at Kvinesdal kommune gjer eit av to: Utsetje oppstarten eller leggje inn ein bønnepause.

– Eg forstår at muslimane måtte reise seg, for det er fem bønner som må gjerast om dagen. Ein kan ikkje droppe ei bønn, seier Akmal Ali i Muslimsk union Agder til NRK Sørlandet.

Sylo Taraku i LIM meiner det er lite klokt å setje fram slike krav, for det fremmar ikkje integreringa å be om særbehandling. Han er tydeleg på at «muslimar skal ikkje særbehandlast» fordi dei skal be fem gonger om dagen.

– Denne utfordringa må muslimar løyse sjølve, dei kan ikkje krevje at teaterframsyningar skal bli tilpassa bønnetidene.

LIM-generalen oppmodar Islamsk Råd Norge og einskilde moskear til å minne medlemmene på at islam er fleksibel med omsyn til bønnetider.

Ikkje «pause». Kultursjef Schou seier til avisa Agder at reguleringa er enkel å forstå:

– Poenget er at dørene blir lukka på eit tidspunkt og då blir det forventa at folk blir på plassane sine, og ikkje tek ein «pause» for så å kome inn att.

Sjef for Riksteateret, Ellen Horn, seier til Agder at teateropplevinga blir best for alle dersom både dei som sit i salen og dei som står på scenen kan unngå å bli forstyrra av «andre impulsar».

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter